Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Krimdagar med fire bokslepp
Sogn og Fjordane teater arrangerer.
Av Bent Johan Mosfjell, 8. September 2006, kl. 9.09

Redaksjonen er med dette invitert til kulturarrangementet "Heilt kriminelt -sunnfjordske krimdagar" som går av stabelen i dagane torsdag 28. september til søndag 1. oktober 2006 i Førde. Krimdagane blir arrangert for første
gong i år, og hovudtemaet blir justismord. Krimdagane har eit omfattande program, med anna fire bokslepp der eit av dei er med Gunnar Staalesen.

Last ned programmet som pdf

Justismord og rettstryggleik er aktualisert her i landet gjennom den dramatiske utviklinga i Fritz Moen-saka. Dessuten er det i år 100 år sidan eit anna oppsiktsvekkjande justisbord - Hetle-saka der far og son vart uskuldig dømde for drap.

Justismord og rettstryggleik står på programmet to dagar på eit seminar i regi av Sogn og Fjordane Teater. Her vil fleire aktuelle og tunge faglege aktørar bidra. Dessutan vil privatetterforskar Tore Sandberg snakke om Fritz
Moen-saka.

Det blir også sleppt ei ny dokumentarbok om Hetle-saka under krimdagane i Førde, og Edvard Hoem skal snakke om dramatiseringa han held på med om justismordet.

Utover dette blir det under krimdagane slepp av tre nye kriminalromanar, blant anna vil Gunnar Staalesen sleppe si nye bok som har fått tittelen "Dødens drabanter".

Førde har gode kommunikasjonsforhold med direktefly frå både Oslo og
Bergen. Sjå nettsidene : www.wideroe.no.

Quality Førde hotel er festivalhotel og mange av arrangementa foregår her:

Quality Hotel Førde
Hafstadvegen 26
6800 Førde

Tlf. 57 82 81 10


Del denne pressemeldingen på: