Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Nyheter fra Det Norske Samlaget
Fra Palestina via barnehagen til lærerettleiing. Spredte nyheter fra Samlaget.
Av Kari Hagen, 26. September 2006, kl. 10.17

Spennande portrettbok

VitneVitne
Ein norsk solidaritetsarbeidar blant palestinarane

Venke Aarethun er kvinna frå Noreg som med fare for sitt eige liv i ei årrekkje har arbeidd i og for Palestina.
I boka fortel ho om liv og krig blant palestinarane, om å overleve i ein flyktningeleir når han blir sett under eld, om vennskap og menneskesjebnar i Midtausten. Etter to tiår som leiar av Palestinakomiteen og med ein tydeleg plass i det offentlege rom, er Aarethun ei av dei som sit på mest kunnskap om palestinakonflikten, Yassir Arafat og dagleglivet til dei som bur der. Boka er ei personleg skildring av livet til ein solidaritetsarbeidar.

Bella i barnehagen
Bella i barnehagen

Det handlar om kjærleik, sjalusi og slagsmål! Bella er ei tøydokke, og alle dei andre i barnehagen er også dokker eller leikedyr.
I dag er det mange av dyra som må bli heime av ulike grunnar: Sjiraffen har mista halen, apekatten har mista buksa, bamsen har mista eit bein. Men Bella har to bein, og i barnehagen er ho saman med Knut, som ho er forelska i. Dei leikar at dei er fuglar. Men så kjem fuglen Fredrik flygande, og får ikkje vere med. Fredrik slår Knut, og dermed er slagsmålet i gang. Heldigvis endar alt godt, og det blir fest hos Bella! Frå svensk ved Marit Tusvik.


Neon 8
Neon 8. Lærarrettleiing er ferdig

Neon er Samlagets nye norskverk for ungdomstrinnet. Verket har årstrinnsbøker, med tre komponentar for kvart trinn: studiebok, tekstsamling og lærarrettleiing.

Studiebøkene er bygde opp omkring dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen. Tekstsamlingane er ordna etter dei gjennomgåande tema i læreplanen. Det er lagt vekt på å ha eit samanliknande perspektiv på tekstane.


Del denne pressemeldingen på: