Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Nattergal innkjøpt av Norsk Kulturråd
– Etter litt blanda kritikk er innkjøpet for oss eit endeleg bevis på at «Nattergal» er ei verdifull bok innan krimsjangeren, seier forleggar Lars Nes.Norsk Kulturråd
Av Kari Hagen, 18. Oktober 2006, kl. 11.00

Kai Martin Brekke.jpg
Krimdebuten til Kai Martin Brekke, «Nattergal», er innkjøpt av Norsk Kulturråd.

Forlaget Skald gav ut boka i mars og det er første gong vestlandsforlaget har gitt ut ein krim. Nattergal vart lansert som påskekrim og andreopplaget kom i pocketformat allereie til sommaren.

Kvart år vurderer ein fagjury fleire hundre bøker og av desse kjøper Norsk kulturråd inn 200 titlar i 1000 eksemplar. Bøkene går til biblioteka rundt om kring i Norge og skal heve og sikre kvaliteten på boktilbodet deira.

– Dette var moro, seier Kai Martin Brekke. I boka har han lagt handlinga til barndomsbygda Flåm. Ein kvinneleg amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie.

Kai Martin Brekke er utdanna (f:1958) er utdanna lærar og arbeider som journalist i Sogn Avis. I debutkrimmen "Nattergal" har han lagt handlinga til heimbygda Flåm.


Del denne pressemeldingen på: