Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Klassisk norsk modernist på Tysk
Samlaget melder
Av Kari Hagen, 6. Oktober 2006, kl. 5.33

Olav H. Hauge.jpgOlav H.Hauge

Wiesenburg Verlag i Tyskland har i haust gjeve ut eit stort utval dikt av Olav H.Hauge, gjendikta av den tyske forfattaren Klaus Anders. Boka har fått tittelen "Spät hebt das Meer seine Woge" og inneheld 95 dikt på tysk og norsk, henta frå alle Hauges samlingar.

Olav H. Hauge
Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ”ein vanleg arbeidsmann”. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane.


Del denne pressemeldingen på: