Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Prisløna barnebok om forhold og venskap
Pressmelding fra Skald
Av Bent Johan Mosfjell, 3. Oktober 2006, kl. 9.21

Den prisløna barneboka «Esel», av Adalheid Dahimène og Heide Stöllinger, kjem no ut på forlaget Skald. Boka kom først ut i Austerrike i 2002 og vart kåra som Årets vakraste biletbok i Austerrike same året. «ESEL» er ei humoristisk forteljing om venskap og om å setja pris på det ein har. Då Eselmannen forsøv seg til bryllaupsdagen, kranglar esla og skil lag i trua på at det er lett å finne seg ein ny partnar.

Esel– Kven kjenner ikkje nokon som har gått gjennom dette: to vaksne vert usamde og går frå kvarandre?, spør forleggar Lars Nes. Sjølv om han ikkje har opplevd liknande, fall han for boka med det same han såg ho på bokmessa i Leipzig. – Boka gjer at ein kan smile over seg sjølv, og det er det som gjer ho genial.

Dei uttrykksfulle illustrasjonane av Heide Stöllinger viser på ein enkel, men original måte kva det vil seie å høyre saman. Dei to esla trur at dei lett kan finne seg ein ny partnar, men kroppane deira har opp gjennom åra tilpassa seg kvarandre som to puslespelbrikker. Dette metaforiske biletet er lett å overføre til forskjellege livssituasjonar og gjer at boka passar både for barn og vaksne i alle aldrar. Språket er enkelt men poetisk, og den handskrevne teksten gjer forteljinga levande. Boka er den tredje i ein serie med barnebøker som kjem i både nynorsk- og bokmålsutgåve.


Del denne pressemeldingen på: