Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Det litterære liv
Rolv Thesen fram frå kulissane
Av Bent Johan Mosfjell, 1. November 2006, kl. 9.05

Pressemelding fra Vigmostad & Bjørke:

Rolv Thesen (1896-1966) var blant førre hundreårs viktigaste og høgast respekterte litteraturformidlarar. Jamvel er det ikkje alle som har kjennskap til hans virke eller hans sentrale rolle i samtidas litterære miljø. No kjem boka som gjev eit levande bilete av litteraten Rolv Thesen og den sentrale rolla hans i det litterære Noreg i store delar av det førre århundret.

Rolv Thesen var litterat i ordets rette forstand. Han var litteraturforskar og -historikar, kritikar i Arbeiderbladet, forlagskonsulent hjå Aschehoug, og medlem av Forfatterforeningens litterære råd frå 1937 til 1963. I 1946 var han med å skipe Norsk Litteraturkritikerlag.

Boka Det litterære liv. Rolv Thesen og hans tid trekker Thesen fram i lyset og gjev et utfyllande bilete av vår allmenne kultur- og litteraturhistorie. Forfattar Jan Olav Gatland tek lesaren med på innsida av det litterære miljøet Thesen var ein viktig del av.

Det litterære liv baserer seg på Thesens omfattande korrespondanse med forfattarar som Hulda Garborg, Olav Duun, Kristofer Uppdal, Tore Ørjaseter, Johan Falkberget, Inge Krokann, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Aslaug Vaa, Helge Krog, Arthur Omre, Torborg Nedreaas, Ragnvald Skrede, Peter Egge, Martin A. Hansen og mange andre.

Boka inneheld personlege karakteristikkar av brevskrivarane, andre forfattarar, av eigne og andre sine bøker, og av aktuelle hendingar. Boka fortel òg om dei meir negative sidene, som sladder, kameraderi og vennetenester.

Rolv Thesens mest kjende verk er trebindsbiografien om Arne Garborg (1933-39), men han skreiv òg bøker om Tore Ørjasæter, Olav Duun og Johan Falkberget. Hans siste store prosjekt var eit fembindsverk kalla Diktaren og bygda, kor han ville setje dikting med emne frå bygdelivet inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Han rakk å fullføre tre bind. Thesen var òg lyrikar og publiserte tre diktsamlingar under pseudonymet Harald Hamre.

Jan Olav Gatland er cand.philol. og arbeider som førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har skrive fleire bøker, mellom anna om Bjørnstjerne Bjørnson og Åsmund Sveen.

--------------------------------------------------------------------------------
Det litterære liv. Rolv Thesen og hans tid av Jan Olav Gatland.
ISBN 82-419-0454-5 275 sider (ill.) Kr 369,-
Forlaget Vigmostad & Bjørke 2006


Del denne pressemeldingen på: