Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Kraftsentrum #3
Velkommen til den tredje utgåva av Kraftsentrum, redigert av Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug og Jon Øystein Flink
Av Kari Hagen, 12. November 2006, kl. 20.54

Kraftsentrum # 3

Kraftsentrum #3.jpg
Frå leiaren: Denne gongen har vi prøvd å finne ut kva som er best av ironi og alvor.
Vi har spurt norske, svenske og danske forfattarar og kritikarar om kva dei meiner om saka, og sjølv med ei stor mengde svar, har vi ikkje klart å finne eit eintydig svar på kva som er best av dei to måtane å forhalde seg på.
Men vi har fått ei rekkje fine og interessante refleksjonar, og vi ser at dei fleste forfattarar har ei vidare oppfatting av omgrepet ”ironi” enn at det betyr ”å seie det motsette av det ein meiner”.

I tillegg til å spørje om kva som er best av ironi og alvor, har vi også bede om tekstar som på ein eller annan måte forheld seg til dette motsetnadsparet.

Vi bad Blodklubbjentene Kjersti Rorgemoen og Agnes Ravatn om å analysere ein inderleg, pompøs song på ein ”blodklubbaktig” måte, og så bad vi den respekterte kritikaren Mariann Enge om å analysere ein inderleg, pompøs song på ein ”alvorleg” måte.

Resultatet er upåklageleg.

Vi bryt for første gong prinsippet om ikkje å ha bokmeldingar i tidsskriftet, og lar dei anonyme bokmeldarane R og B sleppe til med sine oppsiktsvekkande lesingar av dei siste romanane til Kjartan Fløgstad og Trude Marstein. Gro Jørstad Nilsen ser på korleis kritikarane forheld seg til den ”ironiske” Lars Amund Vaage-romanen Den Neste er den beste " target="_blank">Tangentane.

Espen Stueland har skrive eit solid, svært interessant og ikkje minst morosamt essay om August Strindberg sin opprømte interesse for alkymi.

Korleis forheld vi oss til ein som trur han kan lage gull?

Vi tilbyr altså ikkje ei grundig innføring i kva som kjenneteiknar det alvorlege og kva som kjenneteiknar det ironiske.

Som nemnt klarer vi ei heller å gje eit eintydig svar på kva som er best. Men vi håpar at det vi her presenterer, og det at vi presenterer akkurat desse tekstane under overskrifta ”ironi og alvor”, inviterer til vidare refleksjon over kva som er kva, og ikkje minst over kva som er vitsen.

Kraftsentrum tilbyr også tekster av Ingrid Nielsen, Mette Moestrup, Louis Jenkins og Russell Edson.

«Faktum er at jeg har lært mer om litteratur ved å lese Kraftsentrums befriende blanding av det lave og det høye enn på veldig veldig lenge» Helle Vaagland/Klassekampen


Del denne pressemeldingen på: