Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Samlaget presenterer
Iskalde grøss og vakker poesi.
Av Kari Hagen, 27. November 2006, kl. 6.44

Passord: Spøkelse
15 nordiske grøss

Denne store og staselege boka, gjenomillustrert i fire fargar, er resultat av eit omfattande nordisk samarbeid.

For vel eit år sidan sette 15 kjende nordiske barnebokforfattarar kvarandre stemne på Island, sagaøya der spøkjelsestradisjonane er høgst levande i folks medvit.
Etter fruktbare diskusjonar arbeidde forfattarane vidare, og etter kvart kom 15 illustratørar frå dei same språkområda med.
Dette er ei skattkiste med nifse, spennande og uhyggelege historier for barn i 9-12-årsalderen. Boka kjem ut samtidig på 8 språk.
Ragnar Hovland og Atle Hansen representerer Noreg på forfattarsida.

Kaninar og Kaninar
Arnt Birkedal

Forteljaren i denne historia har kaninar i lag med Stein.
Dei to gutane har vore oppe i heile 27 kaninar.
Men nokon har opna dørene på bura deira, og berre ein kanin er att. Gutane er sikre på kven som står bak.
For bakom haugane og skogane ligg Solsletta, og der bur dei slemme gutane, Solslettegjengen.
Dei som vil øydeleggje alt.

Arnt Birkedal har skrive ei lettlesbok for 10-12-åringar, som er ei spennande, vakker og poetisk barndomsskildring om to gutar som driv ein liten kaninfarm


Del denne pressemeldingen på: