Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Sunniva og Besten på nynorsk!
Ny barnebok av Einar Gimmestad.
Av Bent Johan Mosfjell, 8. November 2006, kl. 9.16

Pressemelding fra Forlaget Norske Bøker:

Vi vil informere om ei av våre nye bøker og ein ny forfattar, som vi meinar de kan ha interesse av.

Sunniva og BestenBoka om Sunniva og Besten er små historier om ein litt uvanleg bestefar som er dagmamma til Sunniva, enkelte dagar også til Karoline, når dei er på besøk hos Besta og Besten. Saman med Besten opplever Sunniva mange spennande ting i naturen. Ho lærar også nye ord og samspel i naturen både når dei er på fjelltur, på fisketur og heime på garden til Besta og Besten.

Historiene i boka er frå eit gards- og bygdemiljø på Vestlandet. Der graset er grønast, bæra er søte, kyrne er store og litt skumle for ei jente frå byen. Skogen kan og vere stor og skummel og der ein kan gå seg bort. Besten har og utfordringar når Sunniva og Karoline ikkje alltid er venner.

Boka har ein fin moral som er halde i ein munter tone og med glimt i auge.

Einar Gimmestad er ein herleg bestefar som har skreve ei flott og hjartevarm bok. Oddvar Mardal har med teikningane sine gjeve boka eit ekstra morosamt preg.

Om boken:
Boka om Sunniva og Besten er enkle forteljingar henta frå ein storfamilie. Handlinga er frå eit gards- og bygdemiljø der vi møter menneske, dyr og natur.

Lesaren vert kjend med Sunniva frå ho er ein liten baby og fram til ho er 4–5 år. Det er ofte Besten som passar Sunniva når ho er på garden der Besten og Besta bur.

Sunniva og Besten opplever mange ting saman. Men du møter og andre personar, både Besta, Karoline og vesle Sindre. Dei er gode vener. Sunniva har og ein pus som heiter Petrine.

Det er ei varm og ærleg bok med både moral og glimt i auget.

Boka høver til opplesing for barn som ikkje er så flinke til å lese. Det er godt å sitje i armkroken til mor eller far, Besta eller Besten, og høyre om ei jente som opplever spennande ting i kvardagen.

Om forfatteren:

Einar Gimmestad er fødd 17. juli 1943. Det meste av livet har han vore bonde, og han har bakgrunn i organisasjonsarbeid innan landbruket. Frå Høgskulen i Sogn og Fjordane har han Examen philosophicum, lokalhistorie mellomfag og arbeidslivs-kunnskap. Han arbeider i dag innan psykiatrien.

Gimmestad har vore frilansjournalist og har skrive ein del kåseri petitartiklar. Dette er Einar Gimmestad si første bok.

Oddvar Mardal har illustrert boka med levande og morsame tegningar.


Del denne pressemeldingen på: