Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Historisk sus
Hopstock Hotell med eige bok.
Av Kari Hagen, 4. Desember 2006, kl. 11.10

Hopstock Hotell
Arne Inge Sæbø

Det tradisjonsrike hotellet i Vik i Sogn, Hopstock hotell, får no si eige bok. Hopstock hotell i Vik har eksistert frå 1847. Det året kom Hopstock-familien til bygda og kjøpte gjestgiveriet og ein landhandel.
Familien vart i Vik i vel 100 år, til Mons Thorsen og systrene hans overtok hotellet. Etter Thorsenfamilien kom familien Riiber til Vik, og frå 1989 er det andre generasjon Riiber som driv hotellet.

Arne Inge Sæbø har no skrive bok om historia til hotellet, frå dei første opplysningane om gjestgivarstaden i 1659. Sæbø skriv også om gjester og om liv og lagnad ved det gamle og nye Hopstock hotell. Boka har også samandrag på engelsk etter kvart kapittel. Historia om Hopstock hotell vert gitt ut på Skald forlag.



Del denne pressemeldingen på: