Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Stor suksess og nytt opplag for Jakob Sande-biografi
Pressemelding fra Samlaget
Av Bent Johan Mosfjell, 13. Desember 2006, kl. 18.59

Ove Eides mykje omtalte biografi, Jakob Sande. Liv. Dikting har seld særs godt i heile haust, og vore på bestseljarlista i lange periodar. No er boka trykt i nytt opplag, med totalopplag på 11.000.

Biografen har reist land og strand rundt med føredraga sine om den populære diktaren i haust, og til saman hatt 71 større og mindre oppdrag. Boka er den første grundige biografien om Jakob Sande (1906-67), som i år hadde fylt hundre år. Ove Eide legg her fram livssoga til den folkekjære diktaren og kva som var bakgrunnen for diktinga hans. Ove Eide (f 1950) har frå 1991 vore ein av dei sentrale i Jakob Sande-selskapet, og frå 1994 til 2006 har han vore redaktør av Jakob Sande-årboka.


Del denne pressemeldingen på: