Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Skald opnar Bergenskontor
Og har tilsatt ny forlagsredaktør
Av Bent Johan Mosfjell, 23. Januar 2007, kl. 12.01

Pressemelding fra Skald Forlag:

I denne veka opnar Skald forlag kontor i Bergen. Forlaget som held til i Leikanger vart i fjor 15 år og gir ut mellom om lag 15 titlar i året. Omsetnaden har auka dei siste åra, og då Skald vurderte å utvide, valde forlaget å styrkje vestlandsprofilen. Forlaget har fire fulltidstilsette – ein på Bergenskontoret og tre på hovudkontoret i Leikanger.

-- Vi har sett at vi har titlar som sel over heile landet, men at det er Vestlandet som er vår heimemarknad, seier forleggar Lars Nes. Ansvarleg for Bergenskontoret i Strandgaten er nytilsette Brit Aksnes som byrja i stillinga i januar. Ho kjem frå Norheimsund og har brei erfaring frå bokhandelsbransjen. Aksnes skal arbeide som forlagsredaktør og marknadsansvarleg for Hordaland og Rogaland. Skald vert dermed eitt av forlaga i Bergen, noko som innbyggjarane i vestlandshovudstaden vil merka. –

- Vi vil i løpet av året sleppa fleire titlar som er knytt til det nye satsingsområdet, seier Lars Nes.

Brit Aksnes (f. 1977) er tilsett som forlagsredaktør og marknadsansvarleg på bergenskontoret til SKALD forlag. Tidlegare jobba ho i Mangschou forlag, og ho har elles brei erfaring frå bokhandelbransjen. Brit Aksnes kjem frå Norheimsund i Hardanger og har bachelorgrad i Publishing frå London Universities of the Arts og grunnfag bibliotekar frå Høgskolen i Oslo.


Del denne pressemeldingen på: