Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Norsk fotohistorie
Norsk fotohistorie er det første standardverket om fotografi i Noreg gjennom tidene.
Av Bent Johan Mosfjell, 8. Februar 2007, kl. 23.01

Info fra Samlaget:

Norsk fotohistorie

Dette er den første samla framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet på 1840-talet til dagens digitale teknologi

Boka følgjer utviklinga både når det gjeld teknikk og ulike sjangrar: frå portrett-, landskaps- og dokumentarisk fotografi på 1800-talet til reportasjefotografi, familiefotografi og kunstfotografi på 1900-talet. Forfattarane skildrar korleis fotografiet i løpet av denne perioden har fått ein stadig større plass både i det offentlege og det private rommet. I framstillinga blir fotografiet diskutert ut frå eit dobbelt perspektiv – ikkje berre som estetisk objekt, men også ut frå dei sosiale funksjonane det har hatt opp igjennom tidene.

Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar og det fotointeresserte publikum.

Peter Larsen er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Sigrid Lien er førsteamanuensis i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.


Del denne pressemeldingen på: