Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Vestlandsorientert vårliste frå Skald forlag
Skald presenterer ei vårliste med vekt på reise og barn.
Av Bent Johan Mosfjell, 23. Februar 2007, kl. 9.28

Pressemelding fra Skald forlag:

Fyrst ute er den prisløna, omsette barneboka «Heldige Jemini» som alt er komen på lager. Med den nye boka fortset forlaget med satsinga på biletbøker for små og store. Boka set fokus på det å sjå lyst på livet. Det er uflaks å ramla ned trappa, men hadde han ikkje gjort det, hadde han ikkje funne nøklane sine i botnen av trappa.

BergenI mai kjem «Den vesle stavkyrkjeboka» av Grete Letting og Reidar Solberg, illustrert av Bjørk Bjarkadottir. Boka vil gi ei generell innføring i kva ei stavkyrkje er, korleis ho er bygd og korleis stavkyrkjene er forankra i vår kultur. Ein så unik tradisjon er viktig å informera borna om. Ein drake er med på kvar side og gjer lesinga til ei morosam oppleving.
Vidare satsar Skald på å utvida reisebokserien sin med to nye bøker og nye utgåver av to tidlegare bøker. Forfattar Johs. B. Thue har revidert turistboka «Frå Bergen til Sogn», som er utselt frå forlaget. Boka har selt godt sidan ho kom ut i 2003. Det nye opplaget kjem med til dels nytt innhald og oppdateringar både i den norske og engelske utgåva.

«Flåmsbana» var den første boka i turistserien og har vorte ein storseljar. Ho har til no kome i eit samla opplag på 18 000 eks. – i norsk, engelsk, tysk, russisk, japansk og kinesisk utgåve. Til turistsesongen 2007 kjem boka også på spansk.

I same serien kjem to heilt nye bidrag: «Bergen» og «Hardanger». Bergensboka er skriven av Tove Jensen Holmås og Stig Holmås. Dei er begge iherdige bergenspatriotar og tek lesaren med på ei historisk reise gjennom vestlandshovudstaden. Alle viktige turistattraksjonar er tekne med samt nokre turforslag gjennom smau og gater som gjev dei tilreisande ei innføring i byen utanom det vanlege.

Boka om Hardanger er skriven av kvemmingen Oddvar Soldal og tek for seg alle hardangerkommunane og det som området har å by på av natur, kultur og historie. Som dei andre bøkene i serien er boka spekka med flotte bilete på kvar side.

Den siste boka frå Skald i vår handlar om Høgskulen i Sogn og Fjordane, og er skriven av Gunnar Yttri. Vårlista viser tydeleg at forlaget satsar på å styrka vestlandsprofilen.


Del denne pressemeldingen på: