Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Pris til Jon Fosse
Han får Svenska Akademiens nordiske pris 2007
Av Bent Johan Mosfjell, 14. Mars 2007, kl. 9.35

Pressemelding fra Samlaget:

Jon FosseSvenska Akademien har bestemt seg for å gi sin nordiske pris for 2007 til Jon Fosse. Prisen er på kr 300 000 og blir delt ut 28. mars.

Prisen vart innstifta i høve Svenska Akademiens 200-årsjubileum i 1986, og blir kvart år delt ut til ein kunstnar i eitt av dei nordiske landa. Vedkomande skal ha gjort ein framståande innsats innanfor sitt felt. Dei seinaste åra har prisen gått til Torben Brostrøm (2002), Lars Norén (2003), Guðbergur Bergsson (2004), Göran Sonnevi (2005) og Pia Tafdrup (2006).

Jon Fosse (f. 1959) er forfattar og dramatikar frå Strandebarm, busett i Bergen. Han er ein av dei mest sentrale samtidsdramatikarane i Europa, og er den norske dramatikaren ved sida av Ibsen som er mest spelt. Hans allsidige forfattarskap inneheld både lyrikk, romanar, barnebøker og essay, i tillegg til dei mange teaterstykka. Han har fått ei rekkje prisar, blant anna Ibsenprisen 1996, Doblougprisen 1999, Nationalteaterprisen 2002, Norsk kulturråds ærespris 2003, Brages heiderspris 2005 og Anders Jahres kulturpris 2006. Han har også blitt utnemnd til fransk riddar og kommandør av St. Olavs orden.

For meir informasjon om prisen


Del denne pressemeldingen på: