Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Syn og Segn med nytt nummer
Nytt format og ny formgjeving
Av Bent Johan Mosfjell, 23. Mars 2007, kl. 8.34

Pressemelding fra Samlaget og Syn og Segn:

Syn og Segn 1-2007Kjartan Fløgstad skriv om Pyramiden, den nedlagde gruvebyen på Svalbard.

Marta Norheim tar for seg den biografiske bølgja i samtidslitteraturen, og spør om kva som skjer når forfattaren kryp inn i sitt eige verk.

Karin Moe skriv om romanen Av måneskinn gror det ingenting, som ho les både som skillingsvise og som skriftemål.

Syn og Segn har fått nytt og større format, og ny formgjeving. Tidsskriftet satsar både på etablerte og nye skribentar, og målet er å tiltrekke seg nye lesarar. Syn og Segn er no inne i sin 114. årgang, med Bente Riise som redaktør. Bladet har fått breiare distribusjon i Narvesen, og er no til sals over heile landet.

Frå innhaldet i Syn og Segn nr 1/07:

Kjartan Fløgstad og Siri Hermansen (foto): Sub sole
Den vesle gruvebyen Pyramiden er ein forlaten utopi. Gruvedrifta blei avvikla i 1998, og på kort tid blei eit samfunn på mellom 800 og 1000 innbyggarar nedlagt og tømt for all menneskelege verksemd. Men det er som om folk når som helst skal komme attende og ta opp att arbeidet.

Marta Norheim: Biografiske bølgjer i litteraturen. Eller kva skjer når forfattaren kryp inn i sitt eige verk?
Kritiske røyster har hevda at dei som skriv om seg sjølve, er sjølvopptekne navlegranskarar som gjer litteraturen liten. Den mest akutte diskusjonen har likevel vore den etiske: Kan ein forfattar rappe frå livet til slekt og vener og gjere det om til kunst, sånn utan vidare? Eit tredje moment er kva som skjer med lesaren og lesemåten når forfattaren flørtar med det verkelege, levde livet.

Karin Moe: Måneskinsvisa. Torborg Nedreaas revisited
Summen som adderer høgt og lågt, alle rundar, alle refreng, store og små musklar i Av måneskinn gror det ingenting, er ropet om barnet sine menneskerettar og samfunnet sitt felles ansvar i forhold til det ufødde og det fødde liv ”overalt i verden”.

Karl N. Kerner: Å leve med lengselen. Om heimløyse og det å høyre til
Kan den tyske diskusjonen om Heimat, med vektlegging av sosialt tilhøyr og handlingsevne som kriterium for å ”vere heime”, bidra noko til vår eigen integreringsdebatt?

Jan Inge Sørbø: ”Hele bygningen har gift i seg”. Søren Kierkegaards kyrkjekritikk - i dag.
150 år etter Søren Kierkegaards død drøftar vi framleis den statskyrkja han karakteriserte som eit ”Skrammel” som har ”udviklet Gift”. I semja om at vi framfor alt må ha ei open, inkluderande folkekyrkje, slår Kierkegaards polemikk ned som eit lyn: Heile konstruksjonen med å gjera heile folk og nasjonar om til kristne med eit pennestrøk er den mest effektive måten å avskaffa kristendommen på.

Bjørn Gildestad: Kan vi stole på naturen?
Naturen endrar seg kontinuerleg og ofte på måtar som skaper problem for mennesket. Men finst det nokon viktig skilnad mellom det vi kan kalle naturleg utvikling og menneske­­skapt endring, eller er spørsmålet berre om utviklinga er god eller dårleg?

Laura Djupvik: Scener frå ein kvinnekamp. Ein 8. marsdemonstrasjon frå sofakroken
Ho kan sjå avstanden mellom kjønna no. Den ho ikkje kunne sjå då ho var tjue. Den ho ikkje ville gje til kvinnedagen. Ho står sjølv i den avstanden, ho veit kva det handlar om.

Johannes Nymark: Gi meg ein B… Om fotball og fotballbyar, spesielt dei som tar til med B
”Vi som held med Brann, Barsa og Boca, er å likna med den store spanske romanhelten Don Quijote, vi har forlese oss på teori om den gode fotballen, og vi mister aldri trua på dei store bedriftene, kor mykje det enn går oss imot. Diego Armando Maradona, den beste fotballspelaren verda nokon gong har sett, spelte typisk nok for både Boca Juniors og Barcelona.”

Steingrímur Njálsson : Den morosame meistringa. Ein reality-rapsodi
Har reality-seriane fått eit ufortent dårleg rykte? Både ja og nei. Dei har i alle fall ikkje vorte godt nok analyserte. Dei fleste kommentatorar er anten for positive eller for negative, og går oftast glipp av at seriane djupast sett handlar om den menneskelege trongen til meistring. Difor har ikkje alle fått med seg at ein serie skil seg ut som meir konstruktiv enn andre: Heia Tufte! Men korleis skal vi forstå dei ulike reality-seriane? Og kva seier dei om samfunnet?

Sindre Hovdenakk: Noreg i raudt, kvitt og blått
Det var nasjonalismen som meir enn noko kjenneteikna Hagbard Berner og hans generasjon av norske venstremenn. Men dei var nasjonalistiske på internasjonalt vis, og dei viktigaste ideane sine henta dei frå Paris og London. Ikkje frå norsk historie og folkekultur.

Bente Riise: Det siste tabu i arbeidslivet
Påstandar om at LO-leiaren hadde trakassert og mobba nære medarbeidarar, måtte bli ei sak med store dimensjonar og alvorlege konsekvensar. Varslinga har vore viktig for heile det norske arbeidslivet. Difor bør saka få mange og omfattande konsekvensar, frå å sjå på lovverket til diskusjon og utforming av moderne leiarskap


Del denne pressemeldingen på: