Internettavisen for boklesere
Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Pris til Ingelin Røssland
Guro Sandsdalens litteraturpris 2007.
Av Bent Johan Mosfjell, 18. April 2007, kl. 21.56

Pressemelding fra Samlaget:

Guro Sandsdalens litteraturpris skal gå til ein yngre forfattar som arbeider for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Det skal leggjast vekt på litteratur for barn og unge.

Prisen blir delt ut for femte gong, og går altså til Ingelin Røssland. Røssland debuterte med ungdomsromanen Viss du vil i 1998, og har sidan gitt ut Kunsten å inhalera, Flyt og Handgranateple. Om Røsslands forfattarskap er det sagt at ho skriv dei tøffaste bøkene om tøffe, unge jenter her i landet. Svært få andre norske ungdomsbokforfattarar skriv så utleverande og eksplisitt om det å vere ung. På ein alt anna enn stillferdig måte krinsar Røssland kring tema som vennskap, familie, seksualitet og rus.

Fjorårets Handgranateple er drivande godt fortald, og på mange vis er boka eit politisk innlegg om livsvilkåra til unge menneske i Utkant-Noreg. Det er eit realistisk portrett av skuggesida av ungdomslivet, ei side prega av dramatikk og konfliktar. Og som alltid når det gjeld Røssland: Boka er full av truverdige replikkvekslingar.

Handgranateple er nominert til Ungdommens ungdomsbokpris. Juryen gratulerer Ingelin Røssland med Guro Sandsdalens litteraturpris 2007!

Bakgrunn og formålLitteraturprisen vart oppretta i 2002 og blei delt ut første gongen i 2003. Guro Sandsdalen var alltid ivrig til å hjelpe fram yngre forfattarar, særleg frå Telemark. Det vart etter hennar død oppretta eit minnefond som skal gå til å stø dette formålet.

Fondet skal kvart år, inntil det er brukt opp, dele ut ein pris til ein yngre forfattar som arbeider for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Prisen kan bli utdelt for skjønnlitteratur eller saklitteratur, og det skal leggjast vekt på litteratur for barn og unge. Dersom det innanfor denne gruppa forfattarar er ein kandidat frå Telemark, skal han/ho prioriterast.

Jury
Prisen blir administrert av same juryen som deler ut Samlagsprisen. Juryen har bestått av forfattarane Marit Kaldhol og Helga G. Eriksen og forlagsredaktør Finn Totland.

Fondskapitalen er per 31.12.2006 på kr 38 168.

Prisen
Prisen er på 10 000 kroner, og blir delt ut på Samlagets årsmøte 20. april 2007.

Utdelte prisar
2007 Ingelin Røssland
2006 Hilde K. Kvalvaag
2005 Arnfinn Kolerud
2004 Lars Mæhle
2003 Ragnfrid Trohaug


Del denne pressemeldingen på:
Onsdag 28. Juli
Jakten på Eichmann
Mennesker: Neal Bascomb skriver om nazisten
Ung motstand
Historie: Norge kostet Hitler seieren
Tirsdag 13. Juli
Landet bak døra. Trilogien
Barne- og ungdomslitteratur: Yngve Frøyen tre bøker samlet
Norge i kamp mot terrorisme
Fagbøker: Iselin Nordenhaug og Jan Oskar Engenes bok med fornyet aktualitet
Tirsdag 6. Juli
Finn din indre styrke
Ledelse og egenutvikling: Selvhjelpsbok av Susanne Pettersson
Lørdag 3. Juli
Haruki Murakami
Arrangementer: 20.-23. august. 4 dager. 25 arrangementer.
Torsdag 1. Juli
Anna Svärd
Romaner: Ny Selma Lagerlöf-utgivelse
Hevnerinnen
Romaner: Ronja Trollvika med en gripende og velskrevet bok som tar leseren med storm.
Førtidspensjon – valget er ditt
Sakprosa: Hva taler for og hva taler mot å førtidspensjonere seg?
Onsdag 16. Juni
Lustrum
Romaner: Robert Harris med ny historisk roman. Bind to i triologien om Cicero.
Tirsdag 23. Februar
Blod og is
Thriller: Grøss til vinterferien
Søndag 3. Januar
Vigmostad & Bjørke
Boklister: Seks høydepunkter og en komplett liste.
Vega Forlag
Boklister: Spennende historisk sakprosa.
Schibsted Forlag
Boklister: Variert sakprosa og skjønnlitteratur.

Alternative Content

Get Adobe Flash player