Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Fjordreisa
Sognefjorden i turistbok
Av Bent Johan Mosfjell, 5. Mai 2007, kl. 19.26

Pressemelding fra Skald:

Fjordreisa3. mai kjem Fjordreisa av historikar Johs. B. Thue.

Boka er ei omarbeidd utgåve av «Båtreisa Bergen–Sogn» frå 2003 og kjem på norsk og engelsk. «FJORDREISA» er ei turistbok om Sognefjorden og presenterer noko av det flottaste vi har av kultur og natur. Lesaren kan bli med på ei reise frå Bergen heilt inn i dei trongaste fjordarmane og får høyre om flogbratte fjell, veglause gardar og moderne industristadar. Forfattaren tek óg lesaren med til stavkyrkjer, eventyrlege hotell og smakar på lokale mattradisjonar.

– Den nye utgåva dekkjer Lustrafjorden, Årdalsfjorden og Finnabotn betre enn den første utgåva, som følgde ekspressbåten frå Bergen til Flåm, seier forlagsredaktør Agnes Brudvik Engeset.

«FJORDREISA» er den første av fleire minipraktbøker som kjem i år. Den neste turistboka vert «Flåmsbana» i spansk utgåve – det sjuande språket – som kjem i løpet av mai. Det samla opplaget til «Flåmsbana» er kome opp i 20.000.
– Nyutgjevinga av «FJORDREISA» og dei høge opplagstala til «Flåmsbana» er eit teikn på stor etterspurnad etter turistbøker frå Sogn. Minipraktbøkene har slått godt an både i turistmarknaden og på den lokale gåvemarknaden, seier forlagsredaktøren i Skald.


Del denne pressemeldingen på: