Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Ny bok om Harry og Ivar
Lars Mæhle med bok nummer to om Harry og Ivar.
Av Bent Johan Mosfjell, 21. Mai 2007, kl. 9.16

Pressemelding fra Samlaget:

Harry og Ivar i Junaited StatesenHarry og Ivar i Junaited Statesen

Harry og Ivar er tilbake! Og dét i eit eventyr villare og meir fantastisk enn nokon kunne tru. Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas (som han trur han enkelt vil vinne), og er slemmare enn nokon gong

Han hundsar stakkars Ivar rundt i tømmerhytta, dag som natt, og brukar opp alle pengane deira på karamellar og blåbærbrus. Berre for å nemne noko.

Dårleg nytt: Deira store fiende og superskurk, Kameleonen, er rømt frå eit fluktsikkert fengsel.

Godt nytt: Kameleonen er redd for hundar, også Kåre Albert – hunden til Ivar.

Supert nytt: Vinnaren i plystre-VM får 100 000 dollars i moneys.

Elendig nytt: Harry plystrar like surt som ei sur sursild.

Og kva er eigentleg «løøøv» for noko rart?

Og med på kjøpet får du:
• 4 songar
• 1 kryssord
• Fantastiske teikningar av den store Per Dybvig!

Harry og Ivar i Junaited Statesen
Lars Mæhle (Forfattar)
ISBN: 9788252170511
Pris: 179,00
Utgjeve: 2007


Del denne pressemeldingen på: