Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Ekstremt naturleg
Om Ekstremsportveko på Voss
Av Bent Johan Mosfjell, 23. Juni 2007, kl. 15.54

Pressemelding fra Skald:

Ekstremt naturlegEkstremt fin bok om Ekstremsportveko

Ekstremsportveko på Voss fyller 10 år og feirar med utgjeving av praktboka Ekstremt naturleg. Opningsseremonien går av stabelen søndag 24. juni i festivalteltet. Det blir bokbad med ekstremsportutøvarar i badekar i samtale med NRK-journalist og vossing Linda Eide som bademeister. Opninga av ei gigantbok vert høgtideleg føreteke av ordførar Bjørn Christensen. I praktboka dokumenterer forfattaren Ragnhild Olsen dei mange vågale stunta over det siste tiåret med spektakulære bilete, utøvarintervju og matoppskrifter. Idèen til boka kom frå Aud Walaker Hutchinson, som sidan starten har jobba i dugnadsgjengen og med matlaging under Veko.

– Det var rett og slett ein draum eg vakna opp av ei natt, der eg såg denne boka føre meg. Biletet med smalahovet oppe på Nebbet og basehopping var utgangspunktet.

Og kombinasjonen mat og sport går att i «Ekstremt naturleg». Boka er også spekka med flotte naturbilete og har tekstar på norsk og engelsk. Dagleg leiar og entusiast, Kaia Finne, seier at «Ekstremt naturleg» dermed også skal bidra til å marknadsføre reiselivet på Voss.

– I vedtektene til Veko er det nedfelt at ein ynskjer å profilera Voss, og boka er eit godt eksempel på det festivalen står for: eit nytenkjande og innovativt forum som skal framheva det unike med Voss.
Forlaget Skald står bak utgjevinga i samarbeid med Ekstremsportveko.


Del denne pressemeldingen på: