Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Katt på heitt blekktak
Av Tennessee Williams
Av Bent Johan Mosfjell, 5. Juni 2007, kl. 6.39

Pressemelding fra Oktober:

Tennessee Williams
Katt på heitt blekktak

Omsett av Lars Amund Vaage
Skodespel | Kr. 199,- | ISBN: 978-82-495-0482-4

Katt på heitt blekktak Katt på heitt blekktak er eit av hovedverka til den amerikanske dramatikaren Tennessee Williams, og vart oppført første gong i 1955 på Broadway.

Sørstatsfamilien Pollit er samla heime på plantasjen for å feire 65-årsdagen til patriarken Big Daddy, som er ramma av uhelbredeleg kreft. Den eldste sonen Gooper og kona hans verkar grådige på farsarven, mens den yngre broren Brick drikk for mykje og kjenner seg fanga i eit ekteskap der han ikke får leve ut kjærleiken sin. Det som skulle vere ein fest for far, blir eit oppgjer med løgnar, forteiing og løyndommar.

”Katt på heitt blekktak” hadde premiere på Det Norske Teatret 23. mars i år, med Ane Dahl Torp og Endre Hellestveit i rollene som det unge ekteparet Margaret og Brick.

Tennessee Williams (1911–1983) er ein av vår tids store teaterdiktarar og velkjend for stykke som ”Sporvogn til begjær”, ”Glasmenasjeriet”, ”Iguana-natta”, ”Plutseleg sist sommar”, ”Den tatoverte rosa” og ”Eit kongerike på jord”. Han fekk Pulitzer-prisen to gonger.


Del denne pressemeldingen på: