Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Syn og Segn
Nr 2-07 er ute
Av Bent Johan Mosfjell, 7. Juni 2007, kl. 10.10

Pressemelding fra Samlaget:

Syn og Segn nr 2-2007I det nye nummeret av tidsskriftet Syn og Segn er det mykje interessant og variert lesestoff, både om norske forhold og internasjonale.

Torstein Hjellum: ”Business politicians” - i gråsona mellom demokrati og det korrupte?

Hjellum tar for seg norske ”business politicians”, tidlegare politikarar som sel sin politiske kompetanse, som han meiner er i ei gråsone mellom demokrati og korrupsjon.

Magnus Takvam: ”Heime ingen stader”
NRK-journalist Magnus Takvam skriv om livet til mora Marie Takvam, lyrikaren som både har skrive sterkt og har levd eit sterkt liv. Han skriv m.a. om den store rumpefeiden i Dagbladet, og korleis ho sjølv opplevde denne.

Anne Viken: Ein konvertitts bekjennelse
Anne Viken hevdar at nynorsken er blitt for gamaldags og lite ”anvendeleg”. Ho kritiserer målrørsla for å ikkje ta tak i problema mange opplever med dagens nynorsk, og forsvarer retten til heller å skrive bokmål.

Andre artiklar i Syn og Segn:

Leiar
Ragnar Hovland: Om å skrive bøker
Ernst Berge Drange: ”Hvem er Rasmus Løland?”
Rasmus Løland: Striden om himmerike
Johan Andersson: Vauxhall - Londons lysthage, om homselivet i London
Tarquin Hall: Delhi - byen som eksploderer, byportrett
Bjørg Nybø: Eit nynorsk ”gaeltacht” på Vestlandet? Om irsk-gælisk og nynorsk.
Kjersti Rorgemoen: To uforliknelege innspel (teikningar)
Helge Torvund: To dikt frå den kritikarroste samlinga ”Alt er høy”
Yoko Tawada: To dikt frå den ferske samlinga ”Men mandarinane må vi få røva i kveld”


Del denne pressemeldingen på: