Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Bestseljar blir film
Saman er ein mindre aleine har filmpremiere 31.08.
Av Bent Johan Mosfjell, 23. August 2007, kl. 9.29

Pressemelding fra Samlaget:

Saman er ein mindre aleineBestseljaren Saman er ein mindre aleine har filmpremiere 31.08

Salssuksessen held fram!

Billigutgåva av bestseljaren frå franske Anna Gavalda har vore på pocketlista i 23 veker, med ein tredjeplass dei siste tre vekene. Saman er ein mindre aleine kjem ut i 4. opplag, totalt 27 000 bøker!

No kjem filmen som er basert på boka. Filmen har franske Audrey Tautou i hovudrolla. Ho er best kjend som den fabelaktige Amelie frå Montmartre.

Saman er ein mindre aleine har vore på bestseljarlistene i Frankrike i over eitt år, og har seld over 1.500.000 eksemplar. Romanen er omsett til 36 språk, og det er Tove Bakke som står for den norske omsetjinga.

Saman er ein mindre aleine er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Handlinga utspelar seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris.

Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho kom inn i den franske litterære landskapen som ein frisk pust då ho debuterte i 1999.

En sprudlende herlig roman
Terje Stemland, Aftenposten

Det er en herlig spennvidde i boka, fra sår nærhet til rå humor
Ole J. Hoel, Adresseavisen


Del denne pressemeldingen på: