Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Ansvarsfråskriving frå Djupedal
Leser søker bok har fått Folkeopplysningsprisen for 2007
Av Bent Johan Mosfjell, 10. September 2007, kl. 6.36

Pressemelding fra Leser søker bok:

Anne Marit GodalLeser søker bok har fått Folkeopplysningsprisen for 2007. Den blei delt ut under Læringsdagane for vaksne, som m.a. Kunnskapsdepartementet står bak. Prisen for dei for å skaffe eit boktilbod til menneske med lesevanskar. Samtidig får dei ikkje ei krone frå Djupedal til å informere om at slike bøker finst!

- Det ligg ein viss ironi over å ha blitt vald som beste folkeopplysningstiltak, men samtidig ikkje bli funni verdig til å spreie kunnskap i utdanningssektoren, seier Anne Marit Godal i Leser søker bok.

Lærarar som oppdagar bøkene, blir overlukkelege. Men Leser søker bok får ingen pengar til å informere skuleverket om tilbodet! Resultatet er at elevar med lesevanskar blir pådytta anten barnebøker eller bøker dei ikkje kan meistre.

- Kunnskapsdepartementet nektar å svare på søknadene våre. I staden vidaresender dei til underliggjande instansar, sjølv om det år etter år blir klart at desse ikkje har relevante støtteordningar.

I vår skreiv Leser søker bok til Djupedal: ”Det er ingen tvil om at dersom noko skal skje, må ein skjære gjennom frå politisk hald”. Men etter berre ei veke sende departementet saka vidare til Utdanningsdirektoratet - som etter nokre dagar svarte som før; at dei ikkje hadde pengar til slikt.

Godal meiner Djupedal fråskrivar seg ansvaret.

- Det høver ikkje for ein SV-statsråd å oversjå dei svakaste elevane. Det er ei politisk oppgåve å kome med eit uttalt val. Departementet er sjølv ”rette instans” og må ta stilling til spørsmålet: - Skal elevar med lesevanskar få bøker som passar leseevna deira – eller skal vi gje opp kampen om å auke leseevna?

Foto: Leser søker bok


Del denne pressemeldingen på: