Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Helvetet
Den guddommelege komedie som teikneserie!
Av Bent Johan Mosfjell, 18. September 2007, kl. 12.24

Pressemelding fra TransFe:r Forlag:

HelvetetTransFe:r Forlag i Bergen er glad for å kunna presentera "Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet", teikna av Marcello Toninelli (f. 1950). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som "Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno", fyrste bok i ein trilogi som fikk stor merksemd og no er utseld i Italia.

Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Marcello Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualiserea stoffet og bringa Dante nærare vår samtid.

Teikneserien er omsett av Bodil Moss (f. 1972 på Fåvang, busett i Bergen).
Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel litt om omsetjingsprosessen.
Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk via Marcello sin versjon av språket og videre inn i Bodil Moss sin flotte, moderne nynorsk.

Serien skal lanserast i samband med Raptus - Den internasjonale teikneseriefestivalen i Bergen, der Marcello sjølv vil vera tilstades.
Fredag 28. september kl. 18.00 i Grieghallen (Klokkeklang) vil Marcello presentere Dante-teikneserien saman med Bodil Moss.
Lørdag 29. september kl. 15.00 i Grieghallen (Klokkeklang) vil Marcello snakke om ein annan av sine teikneseriar, nemleg Berlustory.

I forkant av lanseringa skal Marcello vitja dei seks Dante Alighieri-foreiningane i Noreg med føredrag om Dante-utgjevinga særskilt, og heile sin teikneserieproduksjon generelt.
20/9: Oslo
21/9: Halden
24/9: Trondheim
25/9: Kristiansand
26/9: Stavanger
27/9-30/9: Berge


Del denne pressemeldingen på: