Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Rabarbrakrigen
Ny bok av Øystein Orten.
Av Bent Johan Mosfjell, 16. September 2007, kl. 18.55

Pressemelding fra Samlaget:

RabarbrakrigenÅret er 2001. Ein mann vender tilbake til heimstaden sin med ein koffert full av minne.

Brev og bilete ligg strøydde på bordet framfor han, og han prøver å finne spora attende til byrjinga av sitt eige liv tidleg i 1960-åra. I ei tid da kroppar forandrar seg og forteljingane frå søndagsskulen smeltar saman med rockemusikken frå jukeboksen på kafeen, utviklar det seg etter kvart til ein krig om jenter, fotball og snop i den vesle kystbygda på Nord-Vestlandet. Og saman med venene utkjempar eg-personen fleire slag før den store folkeavrøystinga kjem og alt blir snudd opp ned.

Rabarbrakrigen er ei forteljing om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda ved å høyre til. Romanen er ein frittståande oppfølgjar til Livingstones retrett (2003) og Vegen til Neverland (2005).

Rabarbrakrigen
Øystein Orten
ISBN: 9788252170610
Utgåve: 1
Opplag: 1
Pris: 299,00
Utgjeve: 2007


Del denne pressemeldingen på: