Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Kroppsspråk
Ny bok av Helene Uri
Av Bent Johan Mosfjell, 16. Oktober 2007, kl. 11.38

Pressemelding fra Samlaget:

KroppsspråkKroppsspråk
Om kropp og ord

Visste du at ein kan ete englebæsj? Eller kanskje du er skoren for tungebandet, der du sit på blanke messingen? Liker du kvinner, set du kanskje pris på melonar, men ikkje på appelsinhud. Og er du glad i menn, bør du vite at tilhengarfestet ikkje bare er noko du har bak på bilen.

Kroppsspråk handlar om ord og uttrykk med opphav eller tilknyting til kroppen. Frå topp til tå, frå innvortes til utvortes. Anten du har grorudpalme eller blomkåløyre, navlelo eller sixpack, sørgerender eller tåfis – her vil du garantert finne nye perspektiv på kroppen din.

Helene Uri er språkviter og forfattar av ei lang rekkje bøker innan fleire sjangrar.

Ho kan over 243 ord for det kvinnelige kjønnsorgan, i tillegg til veldig mykje anna om ord og uttrykk knytt til kroppen.

Kroppsspråk
Helene Uri
ISBN: 9788252170207
Pris: 299,00
Utgjeve: 2007


Del denne pressemeldingen på: