Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg
Ny bok fra Edvard Hoem
Av Bent Johan Mosfjell, 14. November 2007, kl. 7.48

Pressemelding fra Oktober:

Edvard HoemEdvard Hoem
Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg
Eit mannsportrett frå det 19. hundreåret
Portrett | Kr. 349,- | ISBN: 978-82-495-0429-9

Peder Bjørnson, far til Bjørnstjerne Bjørnson, var arving til storgarden Skje i Søndre Land, men livet hans skulle bli annleis enn tenkt. Han måtte gå frå garden da faren døde brått i 1818 og studerte i vaksen alder teologi i Christiania. Peder Bjørnson var sokneprest i tre ulike prestegjeld, Kvikne i Østerdalen, Nesset i Romsdal og i Søgne ved Kristiansand. Han hadde store ambisjonar om å forbetre den åndelege og kulturelle tilstanden i landet, men den stridbare presten hadde òg eit vanskeleg sinn, og kvar han enn var, kom han i klammeri både med soknebarn og andre embetsmenn. Striden toppa seg i den opprivande ”kapteinstriden i Nesset”, som endte med at sokneprest Bjørnson vart suspendert frå embetet i to år. Han vart frikjent og gjeninnsett, men striden hadde vore så øydeleggande at sokneprest Bjørnson måtte flyttast til eit anna prestegjeld.

I denne boka sporar Edvard Hoem opp kvar striden rundt sokneprest Bjørnson begynte og følgjer det livsdramaet han hamna i. Det er eit portrett av ein mann som ville det rette og som nok hadde rett, mang ein gong, men som først seint i livet skjønte at den som vil oppnå det gode, også må finne vegen til andre menneske. I forteljinga om Peder Bjørnson stig eit fascinerande bilde av det førmoderne Norge fram, eit fattig utkantsamfunn i Europa som på kort tid skulle bli ein del av den moderne verda.

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og er romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han har vore innstilt til Nordisk Råds litteraturpris fire gonger, sist for Mors og fars historie (2005). Edvard Hoem sine romanar er oversette til engelsk, tysk, svensk, dansk, tsjekkisk og rumensk


Del denne pressemeldingen på: