Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Horisontar
Finn Egil Eide med ny diktsamling
Av Bent Johan Mosfjell, 30. November 2007, kl. 4.43

Pressemelding fra Skald:

HorisontarI desse dagar lanserer Finn Egil Eide diktsamlinga Horisontar. Boka er biletkunstnar Finn Egil Eide si fjerde diktsamling, og med denne tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling. Samtidig held han fast i tema og motiv vi kjenner frå før. ”Horisontar” er ei mangfaldig tekstsamling med 53 dikt, delt i 9 bolkar.

– Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane, seier forlagskonsulent Ove Eide. – Tittelen "Horisontar" peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre – men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar, forklarar han vidare.

Finn Egil Eide kjem opphaveleg frå Sandnes, men har vore busett på Nordfjordeid sidan 1974. Han er utdanna lektor, med hovudvekt på måleri og grafikk, og har hatt Statens garantiinntekt som biletkunstnar frå 1987. Han har tidlegare gitt ut tre diktsamlingar og har vore bidragsytar i fleire andre diktbøker – både med eigne tekstar og med illustrasjonar.


Del denne pressemeldingen på: