Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Dødeleg arv
Dagsaktuell krim frå Sogn
Av Bent Johan Mosfjell, 21. Februar 2008, kl. 8.19

Pressemelding fra Skald:

Dødeleg arvI Kai Martin Brekke sin nye krim har organisert kriminalitet innteke Sogn, og narkotikabruken aukar i regionen. Dødeleg arv er den andre boka om aurlandslensmannen Mikkel Holo, og hovudhandlinga er denne gongen lagt til Nærøyfjorden.

– Eg har registrert at talet på narkotikasaker i fylket auka kraftig i 2007, seier Brekke som ikkje visste at emnet i romanen ville vere så aktuelt då han byrja å skrive på boka for nokre år sidan.

I krimen brer ein sentraleuropeisk organisasjon nettverket sitt i Sogn og Fjordane. Dei opnar nye innførsleruter, og resultatet vert lettare tilgjenge til narkotika.

– Eg veit ikkje om fiksjonen i «Dødeleg arv» liknar realiteten når det gjeld organiseringa av narkotikahandelen i fylket, men eg har prøvd å lage ei truverdig forteljing, seier Brekke vidare.

For to år sidan debuterte Kai Martin Brekke med «Nattergal» på Skald forlag. Boka vart godt teken imot og innkjøpt av Norsk kulturråd.

– Krim på nynorsk er det lite av på marknaden. Dette er noko vi vil satse på også i framtida. Eg trur lesarane er interesserte i mangfald i krimgenren, seier Lars Nes i Skald forlag.

Last ned ein smakebit av boka her (PDF-fil)


Del denne pressemeldingen på: