Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Elias Blix
Anders Aschim har skrevet Ein betre vår ein gong. Elias Blix
Av Bent Johan Mosfjell, 21. Februar 2008, kl. 9.01

Pressemelding fra Samlaget:

Ein betre vår ein gong. Elias BlixEin betre vår ein gong. Elias Blix
Ein biografi

Salmediktaren, bibelomsetjaren, lingvisten og statsråden Elias Blix hadde ein eventyrleg karriere: som farlaus fiskarbondeson frå Gildeskål i Nordland kom han seg til seminaret i Tromsø, tok teologiutdanning i Kristiania, studerte semittiske språk i Leipzig og vart professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884–88, og stod ansvarleg for det språkpolitisk viktige jamstellingsvedtaket i 1885.

Blix var sterkt engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, men først og fremst er namnet hans knytt til ei rad av våre mest kjende og folkekjære salmar: «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland», «No koma Guds englar», «Med Jesus vil eg fara» og songar som «Å eg veit meg eit land». I alt står han bak 130 originale og 76 omsette salmar, og Elias Blix må ha mykje av æra for at landsmålet vart «kristna» og at nynorsk kyrkjemål står så sterkt.

Det ligg mange års forskararbeid bak denne første grundige biografien, og som teolog og medarbeidar i vår nyaste bibelomsetjing har Anders Aschim hatt særlege føresetnader for å løfte fram kjende og ukjende sider ved mannen og verket.

Anders Aschim er sjølv teolog og bibelomsetjar.

Laurdag 23. feburar 2008, kl 14.00, i gymsalen på Sandhornøy skole i Gildeskål lanserer vi den nye biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix av Anders Aschim.

ISBN: 9788252164299
Pris: 399,00


Del denne pressemeldingen på: