Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Villstrå og Fotefar
Leif Bjørn Vestad debuterer som lyriker
Av Bent Johan Mosfjell, 13. Mai 2008, kl. 8.33

Pressemelding fra Skrift og tale:

Leif Bjørn VestadDebuterer med to samlingar dikt

Med diktsamlingane Villstrå og Fotefar debuterer Leif Bjørn Vestad som lyrikar. Ifølgje forfattaren er dette kvardagslyrikk med livet i menneskesinn og natur som hovudemne.

Leif Bjørn Vestad er frå Bud i Romsdal. Han har i mange år budd og arbeidd i Molde, dit han flytte etter ein del år i Gausdal i Gudbrandsdalen. Heilt frå ungdomstida har Vestad skrive lyrikk, og ein del av dikta har vore på trykk i ulike aviser og tidsskrift. No er dei samla.

Vestad skriv det han kallar kvardagslyrikk eller tankespinn i lyrisk form, gjerne med inntrykk frå naturen og menneskelivet som motiv. I Villstrå er kjærleik og levd liv det sentrale, og her finn vi også dikt for og om barn. Lyrikaren skildrar livsvegar med sidespor, leiting og lengt, livslyst og glede, men skriv også om motgang og sorg. Naturlyrikk dominerer i samlinga Fotefar, med motiv ikkje berre frå kysten, men også frå skog og fjell i innlandet. I ein del av dikta finn vi ein åndeleg dimensjon. Desse "tvillingbøkene" er som tvillingar kan vere, meiner forfattaren, både like og ulike.

Debutanten Vestad er fødd i 1934, utdanna lærar i Volda og har det meste av yrkeslivet arbeidd i ungdomsskulen. Tidlegare har Leif Bjørn Vestad publisert stoff om lokalhistorie, slektshistoriske emne og stadnamn. Det er det nye forlaget Skrift og tale (www.skriftogtale.no) som gir ut bøkene, og ei tredje samling dikt frå same mann er under arbeid.

Leif Bjørn Vestad:
Villstrå
Skrift og tale 2008
82 sider

Leif Bjørn Vestad:
Fotefar
Skrift og tale 2008
79 sider

Pris: 130 kroner per bok pluss frakt. Bøkene kan tingast hos forlaget, post [at]skriftogtale.no

Våre spor

Kvar småbekk brøyter seg far i lende,
om spak og liten, når kraft han får.
Eit spor vi lagar til livsens ende
som syner korleis og kvar vi går.

Ein villbekk stundom på avveg leikar,
det syner vatnet i evjesnar.
Om stundom utfor i ville kneikar,
han atter finn seg eit roleg far.

Når bekken tørkar og steinar blenkjer,
så ser ein faret slik som det var.
Og mannen ser ein i det han tenkjer,
mangt gjevt og godt kom frå vesal kar.

Vi følgjer fara til folk som levde,
og ser dei merka dei ein gong skar,
og desse spor syner folk som strevde
i fjell og ut-øy, på steinfull gard.

Frå Villspor av Leif Bjørn Vestad, Skrift og tale 2008.

Ung dag

Morgonblå soldis
dirrar og bivrar
over marker og myrar.
Sollyset glitrar i dråpar av dogg.

Myrdamp og tåke
sakte seg lettar
frå vatn og vidder,
bryt strålar frå sommarsol,

lagar sitt fargespel,
ein dus symfoni
som skjelv og skin og svinn
i vaknande morgonvind.

Frå Fotefar av Leif Bjørn Vestad, Skrift og tale 2008.


Del denne pressemeldingen på: