Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Fantasiblikket
Lettlest fra Helge Torvund
Av Bent Johan Mosfjell, 10. Oktober 2008, kl. 14.21

Pressemelding fra Leser søker bok:

FantasiblikketFantasiblikket av Helge Torvund

”Ja, det er det dei kallar oss som har gåva, ”svarar Multi, ”dyslektikarar”.

”Både H.C. Andersen og Walt Disney hadde den gåva. Og Einstein og kongen og rektor på skulen din.”

Petra hatar bøker og mistrivst i timene. Ho strevar med å knekke lesekoden og er redd at koden snart skal knekke henne. Ein dag kjem den mystiske Multi rett inn gjennom vindauget hennar. Det raraste er at han ikkje kallar dysleksi for eit problem, men for ei gåve! For Petra kan snu og vende på ting. Ho kan nytte fantasien til å oppdage det andre ikkje ser. Det er nyttig for så mangt – berre ikkje å lære bokstavar!

Forfattar Helge Torvund er kjend og kjær, særleg som poet. I Fantasiblikket har han skrive ei fengjande barnebok. Brageprisvinnar Bjørn Ousland har illustrert med detaljrike teikningar.

Dette er ei bok som barn med lesevanskar kan prøve å lese sjølv eller som vaksne kan lese høgt. Boka er til oppmuntring for dei med dysleksi og til opplysing for andre som undrar seg over korleis det kan vere at bokstavane kan danse rundt!

ISBN: 978-82-8140-042-9
Wigestrand 2008
Pris: 225,-
Boka er støtta av Leser søker bok.


Del denne pressemeldingen på: