Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Det som ingen ser
Så mykje meir enn rullestolen...
Av Bent Johan Mosfjell, 21. Mars 2009, kl. 18.20

Pressemelding fra Forlaget Norske Bøker:

Det som ingen serDet som ingen ser
Anne-Pia Nygård
Så mykje meir enn rullestolen...

Eg hugsar det ikkje. Prøver å tenke tilbake, men eg klarar ikkje å finne tilbake til akkurat dette punktet ... då eg vart lam. Endringa skjedde gradvis, men der er likevel eit visst tidspunkt då det hende.

Niande januar 1988. Det eine minuttet stod eg på beina, minuttet etterpå klarte eg ikkje å kome meg opp frå sakkosekken.

”Det som ingen ser” er ein ærleg og gripande forteljing om Anne-Pia som sit i rullestol, men som er så mykje meir enn stolen. Det er ei bok om kjensler og søking etter eigen identitet.

Boka retter seg spesielt til helsepersonell samt alle som jobbar med barn og ungdom. Uansett om dei har ei funksjonshemming eller ikkje, har barn og ungdom tankar om kven dei er som menneske.

”Det som ingen ser” er ei bok for alle som bryr seg om andre, og som ønsker å få eit større perspektiv på livet.

Nøkkelopplysninger:
Tittel: Det som ingen ser
Forfatter: Anne-Pia Nygård
ISBN: 978-82-8112-130-0
Pris kr: 199,-

Om forfatteren:

Anne-Pia Nygård, født i 1977, bur på Sandane i Nordfjord. Ho har ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur samt engelsk grunnfag, og er halvveges gjennom mastergrad i nynorsk skriftkultur.

Ho skriv også artiklar og held foredrag – ”Utvikling av to identitetar” og ”Lord Nelson – skipet utan hindringar”.

”Det som ingen ser” er hennar første bok


Del denne pressemeldingen på: