Internettavisen for boklesere
Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Ramstein pensionat
Systrene Sørumgård Botheim debuterer.
Av Bent Johan Mosfjell, 14. November 2009, kl. 9.26

Pressemelding fra Samlaget:

Ramstein pensionatSystrene Sørumgård Botheim debuterer med romanen Ramstein pensionat

Systrene Sørumgård Botheim debuterer på Samlaget med ein original og leikande roman om musikk, einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg. Boka byr på eit mangfald av sjangrar: dagboknotata til hovudpersonane, dialogar, avisartiklar, foredrag, ein dødsannonse og eit brev frå Skattedirektoratet.

Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja i Gudbrandsdalen. Dei har budd saman på eit loft i Trondheim i fire år, og har brukt kveldane til å skrive i staden for å sjå på fjernsyn. ”Det var tungt, men nødvendig,” fortel dei. Søskenparet kler seg gjerne ut som personane boka og spelar ut enkelte scener.

Meir om boka:
Sigurd Sørheim tek opp den gamle hobbyen sin: å spionere på storesyster Debbey. Han avlyttar rom og telefonar, tjuvkopierer brev og dagbøker. Samtidig begynner han å spionere på mannen på nabokontoret, forretningsmannen og pianisten Humbrent. Det viser seg å vera ein link mellom dei to han spionerer på: Ramstein pensionat i Romsdalen.

Meir informasjon om pensionatet og fasilitetane der finn du på Ramstein pensionat si facebookgruppe.

Om skriveprosessen
Guri: Vi har ete godteri, drukke raudvin og generert tekst.
Sigrid: Vi har skrive korte tekstutkast kvar for oss, for så å klyppe dei opp i småbitar. Så har vi vald ut lappar annakvar gong og sett saman ein ny tekst.
Guri: I kryssklyppinga oppstod det personar, handlingar og formuleringar som overraska oss.
Sigrid: Plutseleg stod det ting på arket som fekk oss til å proklamere: ”Dette hadde vi aldri greidd å tenkje ut.”
Guri: Arbeidsmetoden resulterte i ein skrivestil som fyrst var ukjent for oss, men som vi etter kvart begynte å gjenkjenne og å framdyrke.
Sigrid: Eg trur nesten ikkje at det er sant at ho kjem ut.
Guri: Etter over fire års arbeid kunne vi trengt eit kuropphald på Ramstein pensionat.

Forfattarane:
Guri (f. 1978) arbeider ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og er redaktør i tidsskriftet Ratatosk. Ho har tidlegare arbeidd på bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar. Guri er utdanna cand.philol. i allmenn litteratur og har gått på Forfattarstudiet i Bø.

Sigrid (f. 1985) har flytta til København. Ho er utdanna klassisk pianist ved NTNU (tidlegare Musikkonservatoriet i Trondheim). Sigrid har vikariert som organist i sju år, og arbeider nå som frilansar.


Del denne pressemeldingen på:
Tirsdag 23. Februar
Blod og is
Thriller: Grøss til vinterferien
Søndag 3. Januar
Vigmostad & Bjørke
Boklister: Seks høydepunkter og en komplett liste.
Vega Forlag
Boklister: Spennende historisk sakprosa.
Schibsted Forlag
Boklister: Variert sakprosa og skjønnlitteratur.
Lørdag 5. Desember
Barack Obama – veien til Det hvite hus
Biografier: Knut Lindh med biografi om mennesket Obama
Lørdag 14. November
Ramstein pensionat
Romaner: Systrene Sørumgård Botheim debuterer.
Villskapens år
Biografier: Første bind i Edvard Hoems Bjørnson-biografi
Innovasjon, opplevelser og reiseliv
Fagbøker: Av Håvard Teigen, Mehmet Mehmetoglu og Tone Haraldsen (red.)
Fredag 13. November
Theodorus – mysteriet i Mølmannsdalen
Romaner: Jan Ødegård debuterer som forfatter.
Hatet i Europa
Politikk: Hans Wilhelm Steinfeld med bokn om Berlin og Europa.
Onsdag 11. November
Uteliv
Dokumentar: David Åleskjær med bok om mennesker som bor ute.
Tirsdag 10. November
Familiens julebok
Kultur: Dette er Eli Ryggs julebok for hele familien
Mandag 9. November
Sirkus i Norge
Historie: Herman Berthelsen har samlet sirkusenes mellom to permer.
Søndag 8. November
Heroisme og svik
Romaner: Kolbjørn Brekstad med nøkkelroman om Vidkun Quisling.

Alternative Content

Get Adobe Flash player