Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Avisene som utvida Noreg
Ny bok om nynorskpressa
Av Bent Johan Mosfjell, 29. August 2010, kl. 22.18

Pressemelding fra Samlaget:

Avisene som utvida NoregOttar Greipstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010

Medrivande forteljing om idealistar og kynikarar i norsk presse

Dette er ei forteljing om 170 nynorskaviser gjennom 150 år. Norsk mediehistorie blir ikkje som før etter dette.

Grepstad presenterer ei mengd nytt stoff, ryddar opp i gamle framstillingar og overraskar med historier om ukjende aviser og pressefolk. Ei raus og kunnskapsmetta bok som vekslar mellom myndige samanfatningar og presise detaljar.

Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Ingen veit meir om den nynorske kvardagen og kulturhistoria enn han. Grepstad er prislønt for sin skrivekunst (Norsk språkpris 1999) og fekk svært gode kritikkar for den førre boka, Viljen til språk i 2006. Han er kulturkommentator i Dagens Næringsliv, tidlegare spaltist i Morgenbladet og Dag og Tid. Dette er hans 23. bok.

Moment i boka

- I firebandsverket Norsk presses historie (2010) var det berre plass til to korte kapittel om nynorskpressa. Her er heile historia
- Nynorskavisene ville endre Noreg, men mangla pengar. Dei ville nå langt ut, men fekk for få lesarar. Dei måtte ofte gi opp, men kom alltid att. Difor kjem det i 2010 ut 58 nynorskaviser
- Ei forteljing om jag etter pengar, grenselaus idealisme og svik mot sine eigne
- Ein analyse av medie-Noreg før og no med talande fakta og uventa samanhengar, fri for moralisme
- Historia om dei 170 nynorskavisene er ei anna forteljing enn historia om dei 1700 bokmålsavisene. Denne boka gir dermed også ny forståing av den samla pressa i Noreg
- I boka får dei store nynorske blada og avisene mykje plass – Dølen, Ferdaheimen, Den 17de Mai, Gula Tidend, Dag og Tid. Om alle desse og mange andre legg forfattaren fram nytt og ukjent stoff
- Aldri kom det ut fleire aviser i Noreg enn i 1939: 251 bokmålsaviser og 35 nynorskaviser. I 2000 kom det ut 90 færre bokmålsaviser og 22 fleire nynorskaviser
- Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur
- Målrørsla misbrukte alle sjansar til å etablere minst ei stor dagsavis på nynorsk. I staden for å byggje på det som alt var skapt, skulle dei alltid begynne på nytt
- I dag er Firda difor den einaste nynorske dagsavisa. Den typiske nynorskavisa er ei lokal fådagarsavis, altså ei avis som kjem ut nokre dagar i veka
- Nynorskavisene skilde seg ut språkleg frå bokmålsavisene, blei integrerte i avisbransjen og gjorde det etter kvart alminneleg å bruke nynorsk og å redigere aviser på nynorsk.


Del denne pressemeldingen på: