Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
52 opplevingar i Hordaland
Det beste av Hordaland mellom to permar.
Av Bent Johan Mosfjell, 31. Oktober 2010, kl. 15.35

Pressemelding fra Skald:

52 opplevingar i HordalandJournalist Kjersti Mjør og fotograf Helge Skodvin har fått i oppgåve å finna minnerike attraksjonar i heimfylket sitt. Forlaget avgrensa dei til å ta med 52 i alt, noko som ikkje har vore heilt lett.

– Me har måtta kutta med hard hand. Mange fleire stader hadde fortent omtale, men ved å ta eit kresent utval så får me utdjupa kvar og ei oppleving. 52 opplevingar i Hordaland er dermed ei praktbok framfor ein katalog, seier forfattar Mjør.

Boka er fordelt på kategoriane natur, historie, smak, kultur og aktivitetar. Her finn me eksempel som Mongstad, gullfiskvatnet i Øystese, Bikubegang i Odda, gourmetrestaurant i Modalen og dei mange bergenske sjøbada. Med andre ord: ei fin blanding av opplagte attraksjonar og meir ukjende mål for søndagsturen.

Kjersti Mjør er frå Kvanndal i Hardanger og arbeidar som journalist i Bergens Tidende. Ho vart tildelt NTB sin språkpris i 2008. Ho har vore medredaktør for Norsk kulturårbok (Det norske Samlaget). Dette er hennar fyrste bok som forfattar.

Helge Skodvin er frå Bergen og er fulltidsfotograf. Han leverer til bl.a. Bergens Tidende, forlag og reklamebyrå. Han har vunne fleire prisar for bileta sine.

Opplevingar som er med: Turistveg Utne-Jondal, Tjorehagen, Bondhusdalen, Steinsdalsfossen, Rallarvegen, Herdla, Gullfiskvatnet, Den trondhjemske postvei, Osa, mammuttreet på Utåker, Vøringsfossen, Lepramuseet, Vestnorsk Utvandringssenter, Mongstad, Halsnøy kloster, Havrå, gravlunden på Valen, Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus, Røldal stavkyrkje, Tysso Via Ferrata, Ryvarden fyr, Hardanger saft- og siderfabrikk, Bekkjarvik, Modalen, Evanger kjøt, Bondens Marknad, Ekspedisjonen, Haaheim Gaard, Vossabia, Cornelius på Holmen, Bergen
Museum, Skånevik, Lysøen, Oselvarverkstaden, Glesvær, USF Verftet, Lyngheisenteret, Ingebrigt Vik Museum, Ryvarden fyr, Janusfabrikken, Stalheim, bergenske sjøbad, Bikubegang, Patine bruktkafé, VilVite, Gamle Vossebanen, Stoltzekleiven, Solstrand, Åkrafjorden, Skostredet, Hellisøy fyr og Mikkelparken.

Innb. 16,5 x 23,5 cm, nynorsk, 112 sider, 398 kr.

Sjå smakebit her.


Del denne pressemeldingen på: