Kategorier:
Søk i pressemeldinger
Månedsarkiv:
Kven er snillast av far og mor?
Inger Bråtveit debuterer som barnebokforfattar.
Av Bent Johan Mosfjell, 14. Oktober 2012, kl. 18.53

Pressemelding fra Flamme Forlag:

Kven er snillast av far og mor?Kven er snillast av far og mor?
Inger Bråtveit

Mora til Knut sit i styret til eit multikonsern. Ho er så travel at ho kan få blackout i butikken.

I helgane likar mor å gå på ski. Knut og far går heller og et bollar med tjukk og gul vaniljekrem.

Når Knut ein dag vert innlagd på sjukehus, er han ikkje redd for sprøyter eller blod. Han tenkjer berre: Kvar er mor?

Kven er snillast av far og mor? er ei bok med eit spørsmål det ikkje går an å svara på. Det handlar om tidsklemma, kjønnsroller og kva det vil seia å vera «snill».

«Eg vil slett ikkje blanda meg inn i nokon debatt om barneoppseding. Heller stilla nokre spørsmål, og ta eit oppgjer med idylliseringa,» seier forfattaren sjølv.

Inger Bråtveit (f. 1978) har gitt ut to romanar og ei diktsamling. Dette er fyrste barneboka hennar.


Del denne pressemeldingen på: