Kategorier:
Søk i artiklene
Månedsarkiv:
Der er ein planet
- Eg ynskjer deg velkommen til ei reise i tid, rom og tema, sier Bent Eia, som snart presenterer diktsamlinga "Der er ein planet".
Av Kari Hagen, 9. Oktober 2006, kl. 8.17

Bent Eia.jpgEi reise i tid, rom og tema

Forfatter: Bent Eia.

- Eg ynskjer deg velkommen til ei reise i tid, rom og tema, sier Bent Eia, som snart presenterer diktsamlinga "Der er ein planet".

- Dikta er skrivne i perioden frå 1979-2006, fortel Eia.
- Nokre av dei hadde eg kan henda ikkje skrive i dag. Eg har vore eit menneske på leiting. Det har ført til tenking og skriving, seier han.

Boka spenner frå det næraste til det fjernaste. Tema er mellommenneskelege forhold, natur, miljø, uretten i verda, filosofi og psykologi.
- Eg har blitt provosert av dei som er så sikre i si tru. I dag er eg sjølv sikker i mi tru. Eg er ateist. Det vil kan henda provosera nokon. Men samlivet med kona mi, Marit, er eit bevis på at det går an å eta ved same bordet sjølv om begge er sikre i si tru. Kona mi er kristen, seier Eia.

Det er ikkje fyrste gongen Eia skriv bok. Den forrige boka, "Veggane var for tjukke", kom tidleg på 90-talet. Som ei innleiing til den nye, ynskjer han å dela eit vers frå den gamle boka:

Viss du, viss eg, viss alle var sin eigen draum om seg sjølv.

Då ville me sakna
vårt hemmelige indre.
Me ville kjenna oss
nakne,
og gjøyma oss.
Me ville ynskja at me var
usynlege,
så me kunne gå omkring
og sjå
utan å bli sedde.


Del denne artikkelen på: