Kategorier:
Søk i artiklene
Månedsarkiv:
Kari Traa
En ærlig bok om veien til målet fra en verdensmester med allsidighet.
Av Kari Hagen, 6. Oktober 2006, kl. 5.18

N.W. Damm & Søn AS lanserer:

Kari
Kari Traa
Kari

Dette er historia om Kari Traa, vossejenta som vart folkehelt i ein idrett nesten ingen hadde høyrt om. Ho har køyrt ned kulete løyper i bratte heng sidan ho var ein neve stor, og med godt humør, pågangsmot og ei passe dose gal-skap har ho blitt ein vinnar på sitt felt.

Her fortel ho ærleg og oppriktig om sprelske barndomsminne frå Voss, kampen mot toppen, skadar, opp- og nedturar, OL-gull og eigen kleskolleksjon.
Det er alltid full fart med Kari, og tilveret som skipensjonist ser ikkje ut til å bli spesielt roleg, det heller.

Kari Traa har blitt merkevare, både på klesfronten og blant skiinteresserte, og ho er meir etterspurt enn nokon gong.

Boka er skrive i samarbeid med Sarah Sørheim.

Kari sitt engasjement for SOS-barnebyer blei utslagsgjevande for at ho takka ja til å skrive denne boka. Kari er fadder i SOS-barnebyer, og sommaren 2005 blei ho invitert til Zambia av sponsoren sin, NetCom, som har eit tett samarbeid med organisasjonen. Møtet med ulike menneske i Barnebyen i Lusaka blei ei sterk oppleving for Kari.

Ho seier sjølv i boka: ”Eg ønskjer alle kunne få oppleve ei slik reise for å skjøne at det ikkje er så mykje som skal til for å hjelpe. Og kor godt du har det sjølv:”

Karis inntekter av denne boka går uavkorta til SOS-barnebyer.


Del denne artikkelen på: