Kategorier:
Søk i artiklene
Månedsarkiv:
Utanfor institusjonen
Lars Amund Vaage skriv om galskap i den andre diktsamlinga si. Korleis er det å leva med det uforklarlege?
Av Kari Hagen, 12. November 2006, kl. 20.35

Utanfor institusjonen

Lars Amund Vaage.jpgEg vender tilbake til landskapet der dei galne eingong var

Så mykje har endra seg, eg kan ikkje lenger sjå

luftegardane der dei vandra kvilelaust bak dei høge gjerda

eller sat samankrøkte, inst inne ved murveggen

Endåtil husa dei budde i i gode periodar er rivne

eller ombygde og mangelen på galskap slår imot meg

Eg hugsar då eg møtte dei galne første gongen

Dei ville blikka, høge hyl og dei sprang og sprang

tett inntil meg og langt borte

Kva såg dei med sine oppsperra augo

Kva kan dei ha observert, inst i augnekroken

Kva såg dei galne utan å sjå

Kva står igjen etter dei i det ufattelege

landskapet i landskapet

Han skriv også om blafringa i fallskjermar, motorbrøl og klokka som tikkar inne i isen.
Lars Amund Vaage debuterte i 1979 og har skrive romanar noveller, skodespel, dikt og barnebøker.

Han har mellom anna mottatt Kritikarprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen og P2-lyttaranes romanpris, og vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.


Del denne artikkelen på: