Kategorier:
Søk i artiklene
Månedsarkiv:
Vårliste fra Samlaget
Samlaget kom i dag med sin liste over vårens bøker.
Av Bent Johan Mosfjell, 4. Januar 2007, kl. 22.17

SamlagetSamlagets informasjonskonsulent Ruth Lillegraven er spesielt fornøyd med at de kommer med nye romaner av Åsmund Forfang og Oddmund Hagen.

- Vi har i tillegg to debutanter, Sigrid Merethe Hanssen og Jon Olav Sørhaug.

Innen sakprosaen nevner hun spesielt Sindre Hovdenakks biografi om Hagbard Berner som er rett rundt hjørnet.

Nedenfor følger Samlagets presentasjon av vårens bøker og en tidsoversikt i bearbeidet form over når de enkelte bøkene utgis.

Vårliste 2007 frå Det Norske Samlaget

På Samlagets rikhaldige vårliste finn ein både to debutantar, nye romanar frå Oddmund Hagen og Åsmund Forfang, og Anna Gavaldas internasjonale suksessroman Saman er ein mindre aleine i billigutgåve. Marta Norheim har skrive om samtidslitteraturen, Sindre Hovdenakk er aktuell med biografi om Hagbard Berner, og Svein og Einar Sæters bok XU. I hemmeleg teneste byr på spennande krigshistorie.

Skjønnlitteratur for vaksne

Åsmund Forfang er aktuell med Den første sidan Sigurd, ei forunderleg langnovelle der ein ung mann kjem til Anger som ny journalist i lokalavisa Angerposten. Det blir starten på ei opprivande historie som gjer at småbyen aldri meir blir den same. Oddmund Hagen er kjend for sin kresne prosastil. Med Vinterbarn avsluttar Hagen ein romantrilogi der forteljaren heile vegen søkjer tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hende den gongen.

Sigrid Merethe Hanssen debuterer med novellesamlinga Sprang, som imponerer med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspelet mellom menneske. Hanssen er fødd i 1966 og arbeider som lærar i Finnsnes. Jon Olav Sørhaug debuterer med diktsamlinga du finst i bølgjene, der eit eg famlar, tøyer seg og lengtar etter nokon som aldri er der, men som på grunn av saknet er der likevel. Jon Olav Sørhaug (f. 1981) kjem frå Trondheim og bur i Kristiansand.

Jon Fosse er aktuell med teaterstykka Skuggar / Rambuku. Rambuku hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2006, medan Skuggar hadde urpremiere under Festpela i Bergen 2006. Maria Tryti Vennerød (Ibsenprisen 2005) er også aktuell med ei bok der fire av dramastykka hennar er samla. Desse er Dama i luka / Krokodillen / Ta meg på vengene / Meir. Helge Torvund er aktuell med Høy, ei samling barokke dikt. I Alle skulle bli dronning har Tove Bakke gjendikta eit breitt utval av Gabriela Mistrals dikt. Chilenske Mistral var den første kvinnelege forfattaren frå Latin-Amerika som fekk Nobels litteraturpris. Bakke har også gjendikta Federico García Lorca s Frøken Rosita / Bernarda Albas hus. Yoko Tawada skriv på tysk og japansk og har motteke ei rekkje prisar. Men mandarinane må vi få røva i kveld er den første boka hennar på norsk, og det er Geir Pollen som står for gjendiktinga.

Anna Gavaldas kjærleiksroman Saman er ein mindre aleine har vore på bestseljarlistene i Frankrike i over eitt år, og det har blitt seld over 2.000.000 eksemplar i Europa. Romanen er omsett til 36 språk. Boka blir filmatisert i 2007 og Samlaget lanserer samstundes pocketutgåva av boka.

Også Ragnar Hovlands 1964 og Sjølvmord i Skilpaddekafeen, Rune Timberlids Deadline, Sigmund Løvåsens Brakk og Brit Bildøens Mitt milde vesen kjem i billigbokutgåve.

- Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda, januar
- Sprang av Sigrid Merethe Hanssen (debutant), 25.1.
- Den første sidan Sigurd av Åsmund Forfang, ultimo januar
- Vinterbarn av Oddmund Hagen, ultimo januar
- Rambuku /skuggar av Jon Fosse, februar
- Dama i luka / Krokodillen / Ta meg på vengene / Meir av Maria Tryti Vennerød, februar
- Men mandarinane må vi få røva i kveld av Yoko Tawada (Gjendikting frå tysk ved Geir Pollen. Etterord ved Arild Vange), 1.3.
- Alle skulle bli dronning av Gabriela Mistral (Gjendikting frå spansk ved Tove Bakke), mars
- Bernarda Albas hus / Frøken Rosita av Federico García Lorca, mars
- Du finst i bølgjene av Jon Olav Sørhaug (debutant), mars
- Alt er høy av Helge Torvund, mars

Skjønnlitteratur for barn og unge

Gledeleg melding til alle tilhengarar av Pinne & Co: Pinne, Grisen og vesle vennen er Lena Andersons tredje bok om pinnsvinet Pinne, gjendikta av Marit Tusvik. Inger Lise Belsvik har illustrert ei vakker "diktbiletbok" med eit utval enkle, barnenære dikt for førskole- og småskoleungar av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Boka er med på å markere 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007.

Rasmus Løland er den store klassikaren i norsk barnelitteratur, og blir feira stort i 2007. Det er 100 år sidan han døydde, men barneforteljingane hans er like levande i dag som då dei kom ut i tida rundt 1900. Første nyutgiving er eit utval av Lølands beste, med arbeidstittelen Smågutar, illustrert av Åshild Irgens.

I Linn T. Sunnes nye bok Happy møter vi Moa. Ho har flytta til ein ny stad saman med faren. På skolen fortel ho om den fråverande mora som er motefotograf i New York. Men ganske snart gjennomskodar medelevane Mos versjon av familiehistoria ...".

Brit BildøenBrit Bildøen er aktuell med Huset Goggenheim, ei Komet-bok (lettles-serie) for ungdom. Saman med far sin flyttar tvillingparet Maren og Magnus inn i eit gammalt, falleferdig hus ute på ei klippe. I Bente Bratlunds Vi gir oss aldri får mor til Unni ein ny kjærast. Unni synest at han er ekkel og ikkje heilt til å stole på. Det skal vise seg at ho får rett.

Hildegunn Dale har skrive Komet-boka Skugge under Grønskarvet. Tru kan flytte fjell, blir det sagt. Men viss ein bad Gud om å flytte eit fjell, til dømes Grønskarvet, kva ville da skje? Også Odveig Klyve er aktuell med ei Komet-bok, Hemmeleg, for 7–8-åringane.

Elleve år gamle Julie i Ingelin Røsslands Monstertanta må bu hos tante Anna i sommarferien mens foreldra er på Kreta for å finne ut av forholdet sitt.

Berit Vatne Viks Rop over havet føregår i året 980. Torarin er tolv år gammal, og ønskjer å bli skald. Tore Elias Hoels To gutar til Paris er ein ungdomsroman om Albert som lengtar og leitar etter ein far han aldri har kjent. Vi gir også ut to nye bøker av svenske Gull Åkerblom, For ei suppe! og Vatn og brød, begge omsette frå svensk av Eva Jensen.

Marit Kaldhol er aktuell med Ho som ror, ei diktsamling for ungdom. Samlinga er ein poetisk rotur gjennom tid, sakn, sorg og glede. Justyna Nyka, som også har illustrert Kaldhols diktsamling Stilk med to (2002), står for illustrasjonane i denne boka.

- For ei suppe! Femte boka om Moa og Samuel av Gull Åkerblom (Teikningar av Karin Södergren. Frå svensk ved Eva Jensen), 1.3.
- Vatn og brød. Sjette boka om Moa og Samuel av Gull Åkerblom (Teikningar av Karin Södergren. Frå svensk ved Eva Jensen), 1.3.
- To gutar til Paris. Ungdomsroman av Tore Elias Hoel, mars
- Ho som ror av Marit Kaldhol (dikt for barn, ill. av Justyna Nyka), mars
- Monstertanta av Ingelin Røssland, mars
- Happy (a.t.) av Linn T. Sunne (Ungdomsroman), mars
- Rop over havet av Berit Vatne Vik, mars
- Pinne, Grisen og vesle vennen av Lena Anderson (Frå svensk ved Marit Tusvik), april
- Huset Goggenheim av Brit Bildøen, april
- Vi gir oss aldri av Bente Bratlund, april
- Skugge under Grønskarvet av Hildegunn Dale, april
- Hemmeleg av Oddvbeig Klyve, april
- Barneforteljingar i utval (a.t.) av Rasmus Løland, mai
- Mine små leksikon. Fotball. (Frå fransk ved Ragnar Hovland), medio mai
- Mine små leksikon. Hekser & slikt. (Frå fransk ved Tove Bakke), medio mai

Sakprosa / Høgare utdanning

Sindre Hovdenakk har skrive biografien Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid om politikaren, gründaren og strategen Hagbard Emanuel Berner (1839-1920). Berner var m.a. grunnleggjar av Dagbladet, Norsk Kvinnesaksforening og Det Norske Samlaget på slutten av 1800-talet. Dette er eit portrett av mannen, miljøet og tida.

Korleis skal ein finne fram i mylderet av samtidsforfattarar og bøker? Den kjende kritikaren Marta Norheim har skrive Røff guide til samtidslitteraturen, som hjelper deg til å få oversikt over dette området.

Einar og Svein Sæter har skrive boka XU: i hemmeleg teneste 1940–45, om den viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen. Boka kom ut første gong i 1995. I den nye utgåva blir det lagt fram opplysningar som styrkar påstanden til den amerikanske historikaren Arnold Kramish: ”XU var den best organiserte og mest produktive etterretningsorganisasjonen som opererte under den andre verdskrigen.”

Peter Larsen og Sigrid Lien står bak standardverket Norsk fotohistorie: frå daguerreotypi til digitalisering. Dette er den første framstillinga av fotografiets historie i Noreg. Boka er gjennomillustrert i fargar.

Rune Blix Hagen si bok Dei europeiske trolldomsprosessane set søkelys på trolldomsprosessane og hekseforfølginga, medan Dansketidas ikon av Øystein Rian inneheld portrett av tolv sentrale og myteomspunne personar frå ’dansketida’. Debattboka Mat og makt av leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Anne Osland, går inn på aktuelle spørsmål om norsk jordbruk og globaliseringa av matproduksjonen. Kva framtid ønskjer vi eigentleg for landbruket og for livet vårt som forbrukarar?

I Norske by- og bygdesongar av Velle Espeland finn du songar du sjeldan finn i andre songbøker, nemleg by- og bygdesongane. I boka er eit utval på 250 by- og bygdesongar samla, utstyrte med notar.

Årboka Litteratur for barn og unge feirer 10-årsjubileum i år. Redaktørar er som vanleg Per Olav Kaldestad og Karin Beate Vold, og denne utgåva av årboka handlar om både norsk og nordisk ungdomslitteratur.

Jon Hellesnes` Om livstolking inneheld essays og skriftstykke som på ulike måtar kretsar rundt det å tolke og skape meining i livet, medan Lars Arve Røssland har skrive Media og det menneskelege, som skisserer eit utgangspunkt for ein ny for presseetikk. Knut S. Vikør har skrive boka Maghreb – Nordafrika etter 1800, som tek for seg Nord-Afrikas historie i dei viktige åra med kolonistyre, frigjering og framvekst av moderne statar. Ellen Schrumpf trekkjer i Barndomshistorie opp barndomshistorisk forsking frå Philippe Aries banebrytande verk Barndommens historie i 1960, og fram til i dag.

- Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid av Sindre Hovdenakk, januar
- Norsk fotohistorie av Sigrid Lien og Peter Larsen, januar
- Media og det mennekelege av Lars Arve Røssland, februar
- Norske by- og bygdesongar av Velle Espeland, medio mars
- XU. I hemmeleg teneste av Einar og Svein Sæter (ny utgåve), mars
- Nord-Afrikas historie 1800-2000 (a.t.) av Knut S. Vikør (Utsyn), mars
- Dei europeiske trolldomsprosessane av Rune Blix Hagen (Utsyn), april
- Røff guide til samtidslitteraturen av Marta Norheim, april
- Dansketidas ikon av Øystein Rian, april
- Barndomshistorie av Ellen Schrumf, april
- Rasmus Løland. Ein biografi av Ernst Berge Drange, medio mai
- Livstolkning av Jon Hellesnes, mai
- Mat og makt av Anne Osland, mai


Del denne artikkelen på: