Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Grand Manila av Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad har skrive ei god bok, men han gjentek seg sjølv.
Av Frilansere, 22. September 2006, kl. 9.24

Grand Manila
Forfatter: Kjartan Fløgstad
Forlag: Gyldendal

Anmeldt av Jakob Utgård

Grand ManilaGrand Manila startar med at ein gjeng unggutar beundrar lossinga av ein båt ved kai. Staden er, som fleire gongar før i Fløgstads karriere som forfattar, Sauda. Fløgstad er frå Sauda, og han jobba mange år som industriarbeidar på smelteverket før han vart forfattar. Uansett, resten av romanen følgjer desse gutane frå 50-talet og gjennom livet. Romanen følgjer ein av kameratane inn i byråkratiet og til Oslo, ein anna til bedriftsleiing og til USA og tilbake, ein til rus og Stavanger, ein til den største kranen på smelteverket, og "eg", som berre er ein slags observatør.

I tillegg til dei fire-fem hovudpersonane er boka full av andre lagnader. Jerry, eigentleg Jorma, Dørmænen, eigentleg Törmänen, arbeidar ved smelteverket, deltok i den finske borgarkrigen og reiser seinare tilbake, og tilbake. Mor til ein av kameratane trur ho lærer seg engelsk ved å pugge ordboka frå A til Z. Ei klassevennine blir først lykkeleg i ein trailerpark ein stad i midtvesten. Slik går boka, fram og tilbake mellom fantastiske personar og enda meir fantastiske hendingar, i eit imponerande tempo.

"Opplysning og samhold er vår styrke" er tittelen på fana til fagforeninga ved smelteverket, og skrifta på gravsteinen til Jerry Dørmænen och kona. Det er også temaet for boka. Fløgstad skildrar eit arbeidarsamfunn i oppløysing, der samhaldet som tidlegare greidde å halde kapitalen i sjakk er i ferd med å forvitre, medan kapitalen flyttar på seg, eller kjem tilbake dersom det aukar profitten. Boka er, som Fløgstads bøker plar vere, eit bitande oppgjer med kapitalismen og big business. Den inneheld også skarpe satiriske observasjonar av Oslo-folk og andre elitar, alt blanda med ein god dose humor. "Tenk på at nå har vi fridom til å velja sjølve. I staden for å ta til takke med den grå og nitriste straumen frå frå det kommunale e-verket, kan vi nå mekla vår eigen straum. Har du tenkt på kva slags muligheter det gir?"

Boka er skriven i ein uvanleg blanding av stilartar. Kvart kapittel startar med ein e-post. Min favoritt er "News is something somebody doesn't want printed; all else is advertising", med vennlig hilsen William Rudolph Hearst. Det er mykje dikt, nokre songar, mange avsnitt med essays og sakprosa. Katastrofene går han gjennom sakleg, nesten dokumentarisk. Nokre stader er det vanskeleg å skilje mellom fakta og fiksjon, men for meg gjer berre det lesinga rikare og meir utfordrande.

Mitt største, og nesten einaste, problem med denne boka er at vi har høyrt det før. Greitt nok, enkelte hendingar fortener å bli gjentekne gong på gong, katastrofene i Bhopal og Hawk's Nest er to slike. Måtte forfattarar for alltid skrive om desse hendingane, slik at dei ikkje blir gløymde og slik at griske bedriftseigarar og leiarar kan kome på betre tankar. Men at produksjon blir erstatta med forbruk, at samhald blir erstatta med oppløysing og at demokrati blir erstatta med kapital, alt dette er skrive før, det er skrive av mange, og det er skrive av Fløgstad sjølv. Nyleg har eg lese Dalen Portland, Fløgstad si mest kjende bok, og Arbeidets Lys, bedriftshistoria hans frå Sauda, og alle tre bøkene gjentek mykje av det same.

Grand Manila er forresten namnet på ein lokal pøbb i Sauda, og tittelen på eit dikt cirka midt i boka. Eit vers:

Ikkje samhald lenger eller klassekamp Den tavla strøyk han ut med fuktig svamp Det gjekk så lett med damene, så lett på skolen Men endå lettare med alkoholen

Og det oppsummerar ein flott men forutsigbar roman, samhald og klassekamp blir erstatta med individuelt forfall.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: