Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Hjärnmänniskan av Gabriella Håkansson
Monologisk idéroman utan ny erkjenning.
Av Kristine Isaksen, 21. Mars 2008, kl. 9.38

Tttel: Hjärnmänniskan
Forfatter: Gabriella Håkansson
Språk: Svensk
Utgitt: 2007
Forlag: Albert Bonniers Förlag
ISBN: 9789100112967
Sider: 256

HjärnmänniskanHans Hermann Gustavsson har ein mindre viktig stilling i lokalavisa, og fører elles eit rutineprega aleineliv. Ein stemme i hovudet hans veks i styrke etter kvart som han får vilja si, og det er som om eit sjølvstendig medvit veks fram. Hjernemennesket likar ikkje kropp, og får Hermann til å dekkje til kvar einaste flik av den korpulente kroppen sin med klede. Og han likar ikkje andre menneske. Om kveldane skriv dei traktat etter traktat om skilnaden mellom dyr og menneske (som sjølvsagt er hjernen), søvn, språk og andre kjende tema på kvasifilosofisk vis.

Syden
Alt er såre vel heilt til kollegaene går saman og spleisar på ein månads tur til Indonesia på han. Hermann likar ikkje tanken på å forlate dei kvardagslege rutinane sine, men fer til slutt.

Det viser seg snart at det varme klimaet og nokon kontaktsøkjande lokale born set Hermann i ein konflikt med Hjernemennesket. No er ikkje lenger traktatane så viktige for Hermann, han er meir oppteken av samhaldet med borna. Rasjonaliteten og språket vil han gjerne kvitte seg med. Han freistar å svelte ut hjernen gjennom å ete proteinfattig føde, som ris, og opphalde seg i sola utan klede. Når ferien går mot slutten, avgjer han at han ikkje vil forlate øya med dei andre turistane, men heller bli att og flytte inn med borna.

Idéroman
Det er tydeleg at romanen speler på nokon velkjente motstykke, her finn ein blant anna kropp versus hjerne (språk), turistar versus dei lokale og sivilisasjon versus ”paradis”. På baksida av boka står det også at vi har med ein idéroman å gjere. Men eg kan ikkje sjå at desse motsetningspara blir oppløyste på noko vis i løpet av handlinga, at boka rommar nokon form for erkjenning eller ny kunnskap via desse motsetningane.

Hermann er ikkje blitt klokare på slutten når han igjen byrjar å fable om traktatane sine på veg heim frå øya. Og lesaren sit kan hende heller ikkje att med så mange nye perspektiv. Ein tar seg sjølv i å tenkje at romanen er ein traktat som Hermann og Hjernemennesket kunne ha skrive.

Klaustrofobisk

Vi får diverre ikkje vite så mykje om kva dei lokale tenkjer og seier om Hermann. Ein kan jo berre tenkje seg til kva dei vaksne ville ha gjort viss dei fekk vite at den nakne, røde, eldre utlendingen hadde planar om å flytte i lag med borna deira. Her ligg det eit humoristisk potensiale som aldri blir nytta, i tillegg til at ei endring i forteljarvinkelen kunne gjeve interessante perspektiv på Hermann og prosjektet hans.

Fyrst på tampen av boka skiftar endeleg perspektivet frå dei noko einsformige dialogane mellom Hermann og Hjernemennesket til ”dei andre”. To anonyme menn er komen for å hente Hermann heim med tvang, og det er ikkje fyrste gongen dei er ute på eit slikt oppdrag. Fleire gonger om året skjer det med nokon, dei skiftar heilt personlegdom, og nektar plent å reise heim att. Desse mennene og oppdraga deira, dette skulle eg gjerne ha lese meir om! For eg nektar å tru at det berre har med kropp versus hjerne å gjere, denne personlegdomsendringa.

Eg tykkjar nok at idégrunnlaget som romanen kviler på, er noko lettvint, og i det heile saknar eg fleire, ulike perspektiv.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: