Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Veke 53 av Agnes Ravatn
Ein svært lesande debut med eit persongalleri ein ikkje vil gje slepp på.
Av Kristine Isaksen, 2. April 2008, kl. 9.52

Tittel: Veke 53
Forfatter: Agnes Ravatn
Utgitt: 2007
ISBN: 9788252170337
Språk: Nynorsk
Sider: 199
Forlag: Samlaget

Veke 53Det er 19. desember og julaftan nærmar seg faretruande. Me følgjer Georg Ulveset, ein fråskild lektor i 50-åra, dei siste dagane i året. Desse skal vise seg å bli ganske så hektiske og snu om på mykje.

Kong Alkohol
Georg er herleg sarkastisk, og med eit noko skrått og misnøgd blikk observerer han den litle omverda på den vestlandske øya. Det er ein fryd å få vere med Georg på den årlege julemiddagen hjå kollegaen Sissel og mannen hennar Jacob. Han lir seg gjennom alt pjattet, alle songane og klisjeane med drepande indre replikkar og eit godt tak om akevittglaset.

Og Georg tyr ofte til alkohol, og han stoppar sjeldan i tide. I fylla legg han an på tidligare elevar, kona til ein tidlegare studiekamerat og liknande flaue gjeremål. Han presterer også å gå rett frå fest på skuleavslutning, og er i gang med å skrive ”Marie Hamsun er lesbisk” på tavla når rektor stikk hovudet inn og beordrar han heim. Georg er skuffa over livet som det blei, einsam og ”full av sakn” (side 76), og det er lett å få medkjensle for han trass dei pinesame fyllekulene.

Marlene
Allereie i fyrste kapittel får me vete mykje om Georg sitt tidlegare og noverande liv. Her fortel han også for fyrste gong bestekameraten om Marlene – ei kvinne som han innleidde eit kort forhold til medan han var i lag med den framtidige kona si, som også var gravid på den tida.

Eg lar meg imponere av ein debutant (f. 1983) som har slik stålkontroll over forteljinga si. Forteljinga er spekka med informasjon samstundes som ho inneheld mykje dialog og flyt lett av garde. Det får så vere at det gjeng litt bratt nedfor i andre kapittel, og at ikkje alle overgangane er like gode. Dag for dag går det den vegen høna sparkar for Georg. Med Marlenekarakteren anar me eit lys i tunnelen allereie i byrjinga av romanen, men eg skal ikkje røpe meir her.

Meir, Ravatn!
Det er heller ikkje slik at romanen endar eintydig. Når eg tar meg i å ønskje ei fortsetting, er det ikkje nødvendigvis for å få vete korleis det går med Georg og Marlene. Her er det nemleg nok av andre karakterar ein vil vete meir om: Bestekompisen Ottar og kona hans Liv, systera til Sissel som ser ut som ein fisk i fjeset og Kjersti, dottera til Georg.

Marlene si livshistorie er heller ikkje uinteressant, og med henne har ein dessutan høve til å skape ein fandenivoldsk, kul og kvinneleg hovudperson. Ravatn har skrive fram eit imponerande persongalleri som blir med ein vidare, og det med ein humor og sans for detaljar som gjer det heile ekte.

Georg er illusjonslaus og det einaste han vil, er å vere litt nøgd. Eg trur mange kan kjenne seg att i dette. Heilt på slutten av romanen spør han seg sjølve om korleis han kan utgjere ein skilnad i verda, korleis han kan vere noko meir ein berre ”eit lite snøfugg i ein evig snøstorm” (side 199). Eg trur denne spurninga er viktigare for Georg enn at han har treft att Marlene. Meir, Ravatn!


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: