Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Afrika er ikke for alle av Tania Michelet
Ein Afrika-ride som kan anbefalast!
Av Kristine Isaksen, 3. September 2008, kl. 12.16

Tittel: Afrika er ikke for alle
Forfatter: Tania Michelet (debutant)
Utgitt: 2008
ISBN: 9788205360426
Språk: Bokmål
Sider: 116
Forlag: Kolon

Afrika er ikke for alleMe følgjer ei britisk kvinne med dragning til det afrikanske kontinentet og Zambia, kor ho budde delar av barndommen. Handlinga konsentrerer seg om når ho i vaksen alder er attende i landet og innleier eit forhold til Richard, ein kjekkas som er andregenerasjons kvit farmar og berykta rundbrennar. Me får ikkje vite så mykje om Annas bakgrunn eller tankar, stilen er knapp og vekta er lagt på skildringar av miljøet og særskilt forholdet mellom dei kvite og svarte.

Kolonitid av i dag
Anna og Richard bur i huset til foreldra hans som er ein vanskøytt og avdanka farm. Mora hans, Deirdre, er ein heilstøpt karakter som drikk whisky frå tekoppar heile dagen mens ho ser på såpeoperaer på tv. Innimellom skjeller ho ut dei svarte tenarane; slik verkar det som at ho får ut frustrasjon over både ein notorisk utru og fråverande ektemann og ei tid som er over. Ho er nett slik eg tenkjer meg ei aldrande Karen Blixen viss ho hadde blitt verande på sin afrikanske farm.

Gjennom lyssky forretningar held etterkommarane til koloniherrane seg i toppsjiktet i samfunnet, og dei hyrar svarte arbeidarar til å gjere hundejobbane for seg for slikk og ingenting. For å oppretthalde dette systemet trengs eit tankesett som set eigne interesser framfor alle andre, som ikkje vaklar eller tillet at ein føler medynk med dei ein utnyttar.

Anna gjer feil på feil her, ho er godtruande og ærleg i møte med nye folk og søkjer å hjelpe fleire av dei lokale med ting og tenestar. Dette blir nesten hennar bane, og Richard er ikkje nådig når han kjem på sjukebesøk: ”Afrika blir visst aldri noe for deg. Du gjør så rare ting, og havner i trøbbel. Du kan ikke kodene lenger. Du er så skjør, Anna” (s. 115). ”Afrika er ikke for alle” er óg Deirdre sitt mantra som ho gjentek til det keisame gjennom heile romanen, og kanskje er ein vel tydeleg tittel.

Eksotisk
Sjølv om Afrika er for røft for hovudpersonen, skjønar me kvifor ho ikkje klarar å forlate kontinentet. Kvar dag er ein fest med ukjent utgang, om kveldane grillar mannfolka gedigne biffar som smeltar som smør på tunga til dagens sjuande gin&tonic, og alle har elskarar. Ein reiser på safari når det passar ein, køyrer raske biler og lærer seg å fly. Pengar, løyver, folk – alt ein traktar etter får ein utan å måtte anstrengja seg noko særleg. Alt er mogleg og alle lystar får kome fram. Dei kvite afrikanarane ler av de bleike europearane som lever eit slaveliv og trur dei er frie.

Språket er rivande godt; korte, konsise skildringar vekslar med truverdige dialogar, og ein lar seg rive med av dei eksotiske og spennande liva karakterane fører. Dette er rett og slett ein pageturnar av ei debutbok! No skjer det ikkje noko utvikling av karakterane slik eg ser det, eg får meg ikkje til å tru at Anna med dette forlèt Afrika for godt. Det finst dessutan ei stillstand i romanen når det gjeld tid som ikkje heng heilt på greip.

Det er vanskeleg å plassera dei ulike hendingane i tid, ein stad blir 80-tallet nemnt, er det slik at heile handlinga er lagt til 80-tallet? Følgjer me ein tidsperiode Anna er i Zambia eller fleire? Kor gammal er ho eigentleg? Miljøskildringane dominerer handlinga, og det er som om staden eksisterer uavhengig av tida, sjølv om det ikkje går an. Men det er greitt for meg, for dette er ein ride av ein Afrika-tur og bør lesas i eitt jafs!


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: