Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Sanctus av Simon Toyne
Ein spenningsthriller i reinaste Dan Brown-stil.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 20. September 2011, kl. 21.37

Tittel: Sanctus
Forfatter: Simon Toyne
Oversetter: John Erik Frydenlund
Sider: 484
ISBN: 9788210051296
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Tiden

SanctusDette er debutboka til Simon Toyne som kjem frå East Sussex i England. Han har før denne boka skrevet for TV i 20 år.

Boka "Sanctus" tar oss med til Tyrkia, og nærare bestemt byen Ruin. Der befinn munkeordenen "Sanctus" seg. De har bygget eit fjellkloster inne i det massive fjellet Citadell, der de vokter ein av verdas største hemmelighet, noke de kaller for Sakramentet.

Sancti, som er den indre kretsen i ordenen, og som er så hemmelig at det berre er de som lever i klostergongane i fjellet som veit at det fortsatt finst. Munkane i denne ordenen får ta del i den hellige hemmeligheten som Sakramentet inneheld, og som de skal videreføra.

Broder Samuel blir tatt opp i ordenen,men under innviinga så blir det klart at han ikkje er moden for denne kunnskapen. De som innehar denne kunnskapen, men ikkje maktar byrden det er å kjenna den er like farleg som hemmeligheten i seg sjølv. Dermed så er Broder Samuel`s einaste mulighet å rømma. Han klatrer opp fjellet og står på ei lita fjellhylle i time etter time, og danner kroppen som eit kors, og dermed påkaller seg folks og medias åsyn. Mens TV-kameraene er retta mot han så kastar han seg i døden foran sjokkerte turister og TV-sjåarar. Men dette er ikkje eit sjølvmord, det er ei symbolsk handling.

Under obduksjonen viser det seg at kroppen til Broder Samuel er fullt av komplekse og gjennomtenkte mønster av arr i huda. Det blir konkludert med at dette kan vera eit bodskap som kan løysa klosterets hemmelighet.

Liv Adamsen er Samuel`s syster og krimjournalist. Ho har ikkje høyrt frå sin bror på åtte år, og hadde innfunnet seg med at han var død. No blir ho dratt inn i dette mysteriet rundt sin brors død. Saman med ein lokal politimann og personar bak en veldedig organisasjon som kjenner "Sanctus-ordenen" betre enn de fleste, byrjar de å etterforske brorens handling. Plutseleg er det ho som kanskje sit med nykelen til å finna ut kva Sakramentet, som munkene vokter med nebb og klør, kan vera.

Det utartar seg til ein katt og mus lek, der Liv Adamsen ikkje aner kven som er ven og kven som er fiende. Sanctus-munkane tar i bruk alle midler for å stoppe de som er på jakt etter å finne løysinga på den godt bevokta hemmeligheten.

Dette er opptakta til denne thrilleren fra Simon Toyne. Og ein kan like godt lære seg navnet på forfatteren med ein gong. For denne boka er ein forrykende thriller i reinaste Dan Brown-stil.

Plottet og omgivnadene er særdeles truverdigt, og karakterane er meget interessante. Eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg måtte inn på internett for å søkja opp desse plassane i boka, for å sjå om det var fakta eller fiction.

Boka består av 147 kapitler, så den er meget leservenleg, og ein "page-turner" av de sjeldne. Han klarer å få lesaren med i historia fra fyrste side, og måten han beskriv byen, og ikkje minst innsida av fjellet på er framifrå forfatterskap! Han klarer å beskriva den gufne kulda, det store mørket og stillheita som ligg over klosteret og dets mange rom og korridorer på ein måte som gjer at du sjølv er inne i fjellet.

"Sanctus" kan på mange måter samanlignast med bøkene til Dan Brown med sine konspirasjonsteorier. Og den er også fullt på høyde med f.eks "Da-Vinci koden" og "Engler og Demoner".

Dette er den fyrste boka i ein triliogi om Sanctus, men boka fungerer like godt som ei frittståande bok.

Mektig imponerande skriving av debutanten Simon Toyne. Dette er ei bok du absolutt bør lesa, for denne kan fort bli Årets Bok!


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: