Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Mannen som ikke var morder av Hjorth & Rosenfeldt
Ny krimserie om ein egosentrisk kriminalpsykolog som er like opptatt av kvinner som han er av sjølve krimsaken.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 24. Oktober 2011, kl. 1.06

Tittel: Mannen som ikke var morder
Forfatter: Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt
Oversetter: Håvard Syvertsen
Sider: 412
ISBN: 9788203213960
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Aschehoug

Mannen som ikke var morderBegge forfattarane kjem frå Sverige og har vert manusforfattarar. Michael Hjorth (født i 1963) har blant anna skrevet manus til filmane "Silkeridderen" og "Ett Skritt Etter", som handlar om Henning Mankell`s Kurt Wallander skikkelse. Hans Rosenfeldt (født i 1964) har skrevet manus til ein rekkje tv-seriar i Sverige, og har også skrevet manus til ein Kurt Wallander film, nemlig "Hevnen". Han er også kjent som programleder for ei rekkje TV-programmer. No har de gått saman for å skrive kriminalbøker om Sebastian Bergmann.

Boka starter med at ei mor ringe inn og melder sin 16 år gamle son savnet. Politiet avfeier det med at han nok berre har stukket fra heimen, og at han snart er tilbake. Men Roger Eriksson kjem aldri tilbake. Han blir funnet drept i eit tjern, med 22 knivstikk og hjarta skåret ut av kroppen. Sidan politiet allereie har rota bort 3 dager, så tar Kerstin Hanser, sjef for krimavdelinga i Västerås, ingen sjanser og hentar inn folk fra Riksmord til å håndtera denne saka.

Samtidig så har Sebastian Bergman overtatt huset til sin avdøde mor i Västerås. Han treng hjelp til ei personleg sak, og kjem tilfeldig i kontakt med sjefen for Riksmord, Torkel Høglund. De har jobba saman tidlegare, og Sebastian klarar å innynde seg til ein plass i staben som skal etterforske mordet.
Sebastian Bergman er tidlegare Kriminalpsykolog og profileringsekspert. De siste åra har han derimot trekt seg tilbake etter at han mista både kone og dotter i ein tsunami. Han har aldri vert ein populær person i politirekkjene, da hans væremåte er til stor sjenanse for personane rundt han.
No får han ein ny moglegheit til å visa at han har (eller ikkje har) forandra seg ved å vise stor interesse i denne saka, der Roger`s videregåande skole fort blir eit heftig spor å gå etter.....

Dette er den fyrste boka i kriminalserien om Sebastian Bergman. Ein person som er avhengig av sex, og som gjer ting på sin eiga egosentriske måte. Særdeles lite likt blant sine kollegaer, men som nok vil slå godt an blant lesarane.

Det fyrste som slo meg når eg holdt denne boka i hendene for fyrste gong var den norske tittelen. Det er eit merkverdigt valg å kalla boka for "Mannen som ikke var morder", når originaltittelen er "Det fördolda". Når ein er ferdig med boka, så forstår ein det kanskje betre, men den kan fort skremme vekk lesarar fra å kjøpe den med ein så lang og "tørr" tittel.

Eg syns boka starta tregt, og har tunge oppbygde setningar. Men etterkvart blir ein familiær med språket, og det flyt godt. Boka tar seg imidlertid kraftig opp, og slutten er eit prakteksempel på korleis ei god krimbok skal skrives.

Hovedfokuset i boka er like masse på det private plan blant hovedpersonane, som på sjølve politietterforskninga. Så de som er på jakt etter ei actionfylt krimbok, bør sjå ein anna plass.
Det er ei omstendeleg bok, der forfattarane går i dybden på personane i eit rolig tempo. Me blir godt kjent med de, både privat og i jobbsamanheng gjennom væremåte og tankegong.

Det er mange mistenkte og dermed blir det også mange intervjuer. Det lyser lang vei at forfattarane har som mål å få fram gode budskap og poeng, framfor å haste framover i handlinga. Ein anna ting som kan nevnast er at forfattarane går rett inn i ei handling i eit nytt kapittel eller avsnitt, for så å gå tilbake å fortelja korleis de havna der, før de fortset i "no-tid". Dette fungerer utmerket.

Eg syns denne boka, etter ein treg start, er knakande god. Sjølv syns eg spesielt karakteren Thomas Haraldsson, som er politibetjent, var ein fryd å lese om. Han er lite nøgd med sin nye sjef, han har ei kone som på død og liv vil bli gravid, og han gjer alt som er rett, veldig galt. Ein herlig karakter! Det same må seiast om hovedpersonen sjølv, Sebastian Bergman.

Det er berre å gleda seg til neste bok i Bergman-serien, som kommer i 2012 med tittelen "Nemesis". For dette var underholdande lesning av ypperste kvalitet!


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: