Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Din Godhet av Linda Olsson
Ein sterk og gripande roman.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 2. Februar 2012, kl. 21.55

Tittel: Din Godhet
Forfatter: Linda Olsson
Oversetter: Heidi Grinde
Sider: 278
ISBN: 9788241906541
Utgitt: 2012
Språk: Bokmål
Forlag: Vigmostad & Bjørke

Din GodhetDette er den tredje boka til Linda Olsson. Frå før har ho skrevet ”La meg synge deg stille sanger” (2008) og ”Taushetens konsekvenser” (2009). Ho er født i 1948 i Stockholm, er jurist og forfatter, og er no busatt i Auckland i New Zealand.

I ”Din Godhet” foregår mesteparten av handlinga ved kysten av New Zealand. Her møter me Marion Flint, eller Marianne som ho opprinnelig heiter. Ho er ei middelaldrande dame som har sitt yrke som lege. Marion forlet mannen som ho har vert gift med i 8 år, og reiser til New Zealand utan noko bagasje for å starta på nytt. Ho bur aleine i eit lite panelkledd hus ved stranda og har lite sosial omgang med andre. Næraste nabo er bonden George Brendel, som etterkvart skal bli ein viktig støttespelar i Marion`s liv.

Her møter ho den seks år gamle maoriguten Ika. Nesten kvar torsdag kjem han på besøk til Marion, og dei utviklar eit nært venskap. Ika er ein rolig og taus gut, med tegn til autisme. Etter at Ika kom inn i livet hennar så dukker minna frå hennar eigen tøffe barndom opp, der Marion får oppleva på kroppen korleis det var å vokse opp i ein voldeleg heim. Ho gjer alt for å prøve å beskytta sin yngre bror, inntil det skjer ei dramatisk hending, som gjer at begge blir bortadoptert. Dei to syskjena mista all kontakt med kvarandre, heilt til dei møtes igjen 30 år seinare...

Denne boka starter med ei lang rekkje med klisjèar og sukkersøte formuleringar som handlar om beslutningar, tankar, sinnsstemningar og skyldkjensle. Når eg leste gjennom dei ca 40 fyrste sidene, så tenkte eg meir på kva eg skulle ha til middag enn sjølve innhaldet. Det blei platt og unødvendig tungt. Etter at boka var ferdiglest, så leste eg desse sidene på nytt, men satt igjen med samme oppfatning.

Jeg hadde ingen som kunne hjelpe meg å forstå at beslutningene mine ikke var bevisste og gjennomtenkte, men et resultat av instinktive reaksjoner på omstendigheter jeg var tvunget inn i som overhodet ikke var mitt ansvar.

Når ein har komt seg gjennom dei fyrste sidene, så tar boka ei heilt anna vending. Me får servert ein bunnsolid historie som opptar nokre viktige tema; omsorgssvikt, barnevern og samfunnet som lukker augo.
Det er ein til tider hjarteskjærende historie forfatter Linda Olsson skildrar. Ein kan ikkje unngå å bli dratt inn i følelseslivet til Marion`s og Ika`s barndom, som har sine fellestrekk.

Handlinga foregår i notid og fortid, der begge desse historiane blir fletta saman på ein naturlig måte på slutten. Alt som foregår i fortida er skrevet i tredjeperson og har kursiv tekst, noko som gjer at ein aldri mistar tråden.

Det er ei sterk bok som gjer at ein sit att med mange tanker og refleksjonar. Som forelder så er eg opptatt av at barna skal få ein trygg og god oppvekst. Denne boka er ei påminning på at det ikkje er ein selvfølge.

Denne boka kan varmt anbefalast. Etter ein treg start så kjem budskapet og historien til forfatteren fram på ein framifrå måte.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: