Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Forræderens Emblem av Juan Gómez-Jurado
Ein fantastisk roman basert på ei sann historie
Av Kjell Magne Gjøsæter, 21. Februar 2012, kl. 11.36

Tittel: Forræderens Emblem
Forfatter: Juan Gómez-Jurado
Oversetter: Halvor Kristiansen
Sider: 386
ISBN: 9788205395114
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Gyldendal

Forræderens EmblemDen spanske forfatteren Juan Gómez-Jurado, født i Madrid, Spania i 1977, kjem her med si tredje bok. Frå før har han gitt ut Guds spion (2007) og Kontrakt med Gud (2009). Begge desse spenningsbøkene har gjort stor suksess i mange land. No er han klar med sin tredje roman. Vil den leva opp til forventningane?

”Forræderens Emblem” startar i Gibraltarstredet 12.mars 1940. Kaptein Manuel González Pereira og resten av hans mannskap på båten ”Esperanza” bergar fire tyskerar i ein liten båt frå å forlise i eit fryktelig uvèr. Kapteinen lar tyskerane låna livbåten når dei nærmar seg Portugal. Som takk mottar han ein slags medalje frå den eine tyskaren.

Kaptein González Pereira blir med tida bokhandlar og brukar kvart ledige minutt til å studera denne medaljen med stor interesse. Han finn ut at det er eit frimurarsymbol frå ein av dei høgste gradene, men ekspertar han har snakka med, meiner det mest sannsynligt er ei forfalsking. Bokhandlaren døyr utan å ha funnet noko svar på gåta om emblemet. Sonen Juan Carlos arvar gjenstanden og er sjølv bokhandlar.

Ein dag i 2002 besøkjer ein gamal forfattar bokhandelen, og han vil kjøpa medaljen. Han får avslag og ender i stadan opp med å fortelje sanninga bak dette emblemet, mot at han får sjå det og ta på det èin gang. Dette er historien om forræderens emblem..

Munchen 1919: 15 år gamle Paul Reiner bur saman med mora hos hennar søster, i husets minste rom. Paul har ingen vener, og lever eit einsamt liv. Han har fått veta at faren, Hans Reiner, omkom i eit forlis i Atlanterhavet då Paul var 2 år gamal. Så kjem fetter Eduard heim frå krigen. Sterkt skada av ei granat, der han mista ein arm og begge beina, blir han stua inn på eit rom av mora, som skjemmes av sonen. Paul kjem i snakk med fetteren, som har ein mørk hemmelighet om Paul`s far. Han skal fortelja historia, viss Paul hentar ein pistol og legg den framfor han. Eduard fortel historien og tar sitt eige liv etterpå.

Dermed må Paul ut i verda for å finne ut kva som egentlig skjedde med far sin. Samtidig så møter han sin store kjærleik i den jødiske jenta Alys Tannenbaum. Ei jente med sterke meiningar, som på mange måtar forandrar livet til Paul.

Familiefeider, svik, kjærleik, makt, mørke hemmeligheitar, frimureri og nazistenes fremmarsj er viktige punkt i denne boka.

Me blir meget godt kjend med hovedpersonen Paul Reiner. Han går inn i frimureriet for å leite etter spor etter far sin. Me får dermed eit innblikk i frimurerlosjens verden, der ein må innviast gjennom forskjellige ritual for å bli eit medlem. Etter kvart får man moglegheit til å stiga i gradene. Grunntanken er å bli eit betre menneske, og ledes av ein Stormester.

Pauls andre fetter, Jurgen, er av den voldelige typen og alltid parat til å gjere livet surt for Paul. Han går på eit møte der Hitler taler, og blir ”frelst”. Han melder seg inn i SA, som er nazipartiets stormtropper. Her får han fritt spelerom for sin brutalitet, og melder seg seinare inn i SS. Også her får me eit innblikk i nazismens fremmarsj og brutalitet. Han samarbeider også med den ikkje ukjente Adolf Eichmann og sjefen for sikkerhetstjenesten Reinhard Heydrich, også kjent som ”slakteren fra Praha”.

Forfatteren er flink til å fletta verkelege personar, stadar og hendingar inn i romanen. Han skildrar også på ein fremragende måte inflasjonen av valutaen på 20-talet, der mange gjekk konkurs, og folk hadde dårleg råd.

Dette er ei strålande bok! Her får du spenning blanda saman med ein historisk kjærleiksroman krydret med ein akkurat passe dose humor. At denne boka i tillegg er basert på ein sann historie gjer den, om mulig, enda meir interessant.

Ein annen ting som bør nevnast, er omslaget på boka. Den er innbydende, mystisk og spannande. Så ein kan trygt seie at omslaget reflekterer innhaldet i boka.

Det er ikkje ofte ein med visshet kan seie at det kjem til å bli ein bestselger, men det kan ein i dette tilfellet! Her er det berre å ta av seg hatten, reise seg opp og gje Juan Gómez-Jurado ståande applaus.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: